Om lag 30 personar var samla til ein innhaldsrik kveld med ei rekke kjekke aktivitetar og moglegheita til å bli kjent med andre unge og vaksne frå nær området.

Fylkesstyret skriv at dette var ei lokal samling arrangerast i regi av fylkesstyret og tilsette, saman med den lokale klubben dei besøker. Ei samling der naboklubbar og klubbar nær kvarandre kan treffest.

- Det er alltid kjekt å samle mange 4H-arar, klubbrådgjevarar og andre vaksne. Då er det viktig å nytte anledninga til å bli kjent med kvarandre og gjere kjekke aktivitetar i lag.

Potetstempel på ark eller på kle var kveldens hovudaktivitet. Mange nytta anledninga til å pynte og dekorere dei gule fylkesboksene sine eller pynte, lag mønster eller figurar på til dømes t-skjorter eller sokkar. Potetstempel er ein kjekk aktivitet der deltakarane saman eller åleine må skjere ut ei form som dei så dekker med måling og trykkjer der dei vil ha ho.

Røskebrød på bål var ein stor suksess, som det eine 4H-medlemet sa «dette var ein lur måte å lage ostesmørbrød til mange på».

- Kjempe kjekt å få treffe, høyre om og sjå korleis Vågbø 4H har det. Takkar så mykje for at vi fekk komme på besøk til dei. Det var kjekt for både vaksne og unge å treffe nye eller kjente venner, avsluttar fylkesstyret.