Ap flår vanlige folk og næringslivet, med 46 milliardar i skatteauke, samtidig som staten renner over av pengar.

Ap skryter av kutt i ferjetakstar, men stakkars krok, sjølv der har «kuleramma» gått i stå.

Skulle kutte 50% av ferjetakstane, men har måtte gått tilbake i tid for å få med dei 25% kutta i takstene som FrP og borgarleg regjering fekk på plass i juli 2021.

Ap og Sp her i fylket auka ferjetakstane år for år begrunna i påstått dårlig økonomi.

Jammen merkeleg kuleramma dei har, når resultatet vart at fylket dei siste tre åra har gått med meir enn 700 mill kr i overskot.

Kuleramma til Ap og Sp har kun ei ramme, og det er bruken av andre sine pengar.

At vi må ha eit næringsliv som faktisk må skape verdiane som det offentlige kan bruke til velferd, er totalt blåst vekk.

Tusenvis av arbeidsplassar her i fylket blir sett i fare med tidenes værste næringspolitiske statsbudsjett,- og AP og Kjølmoen skryter av dette? Skryter av eit statsbudsjett der det no er vanlege folk og næringslivet som verkeleg skal få betale, medan staten blir steinrik.

Transport, bygg og anleggsbransjen er frå før i trøbbel pga skyhøg drivstoffprisar og aukande rente.

Regjeringa kuttar no nye større vegprosjekt og sørger for oppdragstørke, der tusenvis av arbeidsplassar i desse næringane også vert sett i fare, - men, Ap og Kjølmoen skryter av tidenes værste næringspolitiske statsbudsjett!

Kva skal ein med reduksjon i ferjetakstar eller gratis ferjer, dersom arbeidsplassane forsvinn og grunnlaget for hus og heim blir borte?