Gå til sidens hovedinnhold

Batterifabrikk til Sunndal?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi har god krafttilgang, seier ordføraren til Aura Avis når han seier han vil ha batterifabrikk til Sunndal. Den andre sida av det er at Sunndal har bruka store delar av vassressursane sine til å lage straum, men bruker opp all kraftproduksjonen og meir til frå før. Den straumen ordførar Refstie talar om kjem i tilfelle frå vindturbinar som endå ikkje er bygd, eller det som måtte vere tilgjengeleg i Sverige, frakta gjennom store kraftliner.

Det trengst mykje vatn til kjøling, blir det sagt. Sunndal har alt veldig mykje varmt vatn, og treng slett ikkje meir. Viss ein får varmt vatn som biprodukt, er det viktig at kjelda til dette blir lagt til ein stad der dei treng varmvatn.

400 dekar industriareal trengst det. Det var nettopp ei sak i avisa om at areala på Håsøran blir disponert i løpet av få år. Det er på ingen måte opplagt at Sunndal kommune har 400 dekar med pannekakeareal disponibelt til ei slik verksemd. Det er i alle fall noko anna på det arealet no, og det kan ein ikkje berre jage bort.

Bygging av batterifabrikk er rimelegvis eit steg på vegen til eit grønare samfunn. Då er ikkje Sunndal kommune rette staden for ein batterifabrikk.

Kommentarer til denne saken