Brusboksar i naturen

Av

På min morgontur opp Skoleveien observerte eg i snøperioda ei og anna «brusboks» i brøytekanten, men dei vart borte.

DEL

Når også snøen vart borte fekk eg sjå kva desse boksane hadde summert seg opp til og då var det tid for aksjon. På ei strekning på 20 meter langs Skoleveien og i hekken langs snarvegen ned til Sandbrekkgata, fylte eg ein stor bærepose på nokre minutt!

Vi tenkte vi skulle pante dei til inntekt for årets russ. Men dei let seg ikkje pante; dei var alle svenske!

Men korleis hadde dei kome dit?

  • Eg har fylgjande hypotese:
  • Frå folk som har vore på «harry-tur» til Sverige eller handla på nett frå Sverige.
  • Born har tatt (eller fått ei boks frå foreldra for) å ta med på skulen eller trening. (desse boksane er ikkje å få kjøpt på skule eller treningslokale)
  • Borna bur i nedre Sandeområde eller i området ned om Sjøland og dei er gåande og kryssar riksvegen ved Tørset bil.

Eg trur det er nødvendig at foreldra formanar borna om at «brusboksar» ikkje skal kastast i naturen, heller ikkje når det er snø! Helst bør dei ikkje fore borna med brus.

Artikkeltags