Carl Johansen topper MDG-lista i Møre og Romsdal

Carl Johansen:  Nominert som nummer ein i Møre og Romsdal MDG.

Carl Johansen: Nominert som nummer ein i Møre og Romsdal MDG. Foto:

To sunndalinger og ein tingvollgjelding på MDG-lista foran stortingsvalget.

DEL

Carl Johansen blir MDG sin førstekandidat frå Møre og Romsdal. Miljøpartiet de Grønne i Møre og Romsdal hadde laurdag ettermiddag eit digitalt nominasjonsmøte. Nominert er også Lina Engelsrud frå Sunndal og Geir Gaardet, Tingvoll.

Nominasjonsmøtet talte 38 delegatar. I ei pressemelding frå MDG, nevnast at det på førehand var det varsla benkeforslag til førsteplassen.

Kamp om førsteplassen

Jarle Hauge Steffenssen tapte denne voteringa mot nominasjonskomiteen sin innstilte kandidat, Carl Johansen. Gro Santi Johnsen var foreslått til andreplassen, men også her vart nominasjonskomiteen sitt forslag på Ingvild Espelid Wold ståande.

Rannveig Hana fekk støtte til å stå på 4.-plassen i sitt benkeforslag.

Det grønne næringslivet

– Eg er svært takksam for tilliten, og veldig motivert til å leie valgkampen for MDG neste år. Som MDGs første stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, vil eg jobbe for å løfte det grønne næringslivet, for gode og framtidsretta løysingar for samferdsla, og for å styrke bulysta i distrikta, seier Johansen.

Han er i dag gruppeleiar i MDG si fylkestingsgruppe, og sit i fylkesutvalet og i samferdselsutvalet.

MDG-nestleiar Arild Hermstad gjesta det digitale nominasjonsmøtet, og peika i sin helsingstale på rolla som Møre og Romsdal har i det grøne skiftet. Han framheva mellom anna fylket sin maritime industrikompetanse og moglegheitene innan bærekraftig sjømat.

Nominasjonslista

Den vedtekne stortingslista ser slik ut:

1. Carl Johansen (1974), forfatter Sunndal.

2. Ingvild Espelid Wold (1982), lærer Molde.

3. Jarle Hauge Steffenssen, (1970) lærer Ålesund.

4. Rannveig Hana (2000), student Molde.

5. Joakim Skaar (1996), maskiningeniørstudent Ålesund.

6. Gro Santi Johnsen (1968), lærer Kr.sund.

7. Øyvind Festø (1982), lærer Volda.

8. Eli Vullum Kvande (1984), lærer Surnadal.

9. Geir Klepaker (1972), bedriftseier Rauma.

10. Lina Engelsrud (1980), biblioteksjef Sunndal.

11. Geir Gaarder (1961), forsker Tingvoll.

12. May Britt Haukås (1955), pensjonist Ålesund

13. Øystein Settem Wold (1990), bonde Hustadvika

14. Frida Gillberg (1979), lærer Ørsta.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken