Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eldrerådet i Sunndal har hatt ein del engasjement i forhold til koronasituasjonen.
1. oktober hadde vi eit arrangement på Sunndal pensjonistsenter på eldredagen med strengt smittevern. Etter det vart situasjonen verre igjen. På møtet i november tok vi initiativ til å søke statsforvaltaren om midlar mot einsemd i institusjon. Vi fekk midlar og prosjektet er no i startgropa.
Det er ein vanskeleg balansegang mellom å isolere for å beskytte, i forhold til dei negative følgene som isolasjonen fører til. Det går an å gjere mykje for å møtast trygt og hindre isolasjon.
Eldrerådet er no spesielt opptekne av å gjere kjent at organisjonar som har gode forslag, kan søke Damstiftelsen om pengar. Les om meir på www.dam.no Eit godt døme på dette er prosjektet som Sunndal Seniornett presenterte i Aura Avis på s.19 tysdag 2.februar. Det går an å gjere mykje som ikkje ikkje kostar pengar. Men har de idear som kostar pengar er det lurt å søke Damstiftelsen.
Kommentarer til denne saken