Dei har fotografert aktiv vulkan og rømt frå hundar som var opplært til å drepe – i sommar har dei utstilling i heimbygda

Dei hadde reist rundt i 15 år og kunne ikkje bestemme seg for kvar dei skulle slå seg ned. Etter ein bubiltur til Gudbrandsdalen visste Orsolya kvar ho og ektemannen skulle bu. I sommar har dei verdskjente fotografane utstilling i heimbygda for fyrste gong.