Deponiplanane på Raudsand – fylkeskommunen si rolle

Fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Av
DEL

Leserbev Det går ein stor debatt rundt planane for eit nasjonal deponi for farleg avfall ved Raudsand i Molde kommune.

Mange etterspør kva holdning fylkeskommunen har til planane.

Eg vil gjere greie for kva Møre og Romsdal fylkeskommune har fatta av vedtak i saka.

04.06.18 behandla fylkesutvalet sak U 38/18: «Nesset kommune –detaljregulering - reguleringsplan Bergmesteren Raudsand AS gbnr 40/81 m.fl. - fråsegn ved offentlig ettersyn»

Vedtak:

1. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har følgande merknader til konsekvensutgreiingane: Det er nokre manglar i utgreiinga knytt til sjømatproduksjon og omdømetap, og til vassmiljømåla i medhald av regional vassforvaltningsplan.

2. Fylkesutvalet finn likevel ikkje grunn til å krevje tilleggsutgreiingar, og meiner såleis at vedtak kan gjerast på grunnlag på den kunnskapen som ligg føre.

3. Fylkesutvalet reiser motsegn til planframlegget med heimel i miljømåla regional vassforvaltningsplan.

4. Fylkesutvalet viser også til at anlegget kan føre til vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.

5. Det er prinsippielt uønska at farleg avfall frå industriproduksjon skal eksporterast bort frå opprinnelsen til problemet. Behandling av industrielt risikoavfall bør skje nærast mogleg produksjonskjeldene for å redusere risikoen for ulukker under transport.

25.03.19 behandla fylkesutvalet sak U 23/19 (etter at Nesset kommune reviderte planforslaget med ny høring): «Nesset kommune – detaljregulering – reguleringsplan for gbnr 40/81 m.fl. – deponi for ureina masser og farleg avfall m.m. – Bergmesteren Raudsand AS – fråsegn til avgrensa ettersyn».

Vedtak:

1. Fylkesutvalet opprettheld motsegn mot reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand AS i Nesset kommune med heimel i miljømåla regional vassforvaltningsplan.

2. Fylkesutvalet ser ikkje at det er utgreia og godtgjort korleis utsleppa skal reduserast, og dei ekstra utsleppa vil komme i konflikt med miljømåla som er sett.

3. Fylkesutvalet understrekar, som i vår tidlegare fråsegn, at anlegget kan føre til vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.

16.06.20 behandla fylkestinget sak T 47/20: Regional planstrategi Møre og Romsdal 2020-2024 - kor tinget mellom anna vedtok følgande:.

1. Møre og Romsdal fylkeskommune seier nei til etablering av et nasjonalt deponi for uorganisk avfall på Raudsand i Molde kommune.

2. Møre og Romsdal fylke må arbeide inn i sin fylkesplan, eit forsterka grunnlag for å hindre at eit nasjonalt deponi for uorganisk avfall blir etablert på Raudsand, samt grundige og nødvendige miljøundersøkelser av fjorden.

Politisk leiing arbeider no saman med administrasjonen for å sjå på korleis vi kan følge opp vedtaket frå fylkestinget.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags