Gratulerer med dagen, men i ei svært spesiell tid.

Eg legg ikkje skjul på at eg glad i 17.mai og vil understreke at det er ein viktig dag. Dagen har vi som feiring av at vi fekk vår eigen grunnlov på Eidsvoll etter impulsar frå den franske revolusjon.

Vi kan vel seie at det er ein dag der demokrati står i sentrum. Kanskje er demokrati er det nest beste. Ein god konge eller diktator er ganske så bra, men ein diktator blir aldri god så lenge. Korleis skal folket da kvitte seg med ein dårleg diktator. Der er her demokrati har sin styrke og er den beste styreform i praksis.

Da eg var liten hadde foreldregenerasjonen opplevd krigen.

Dei som veks opp i dag har både foreldre og bestefoldre som berre har opplevd demokrati, fred og velstand. Det farlegaste av alt er å tru at dette er sjølvsagt.

Eg vil gå gjennom nokre tidspunkt som har ført til at eg er glad i 17. mai.

1963 hugsar at foreldra mine hørte radio med stort alvor.

Sovjetisk båt var på tur over Atlanterhavet med atomvåpen. John F Kennedy sa klart ifrå om at dei ville skyte om dei kom over. Båten snudde og John F Kennedy vart helt. Men det var i grunnen den sovjetsike presidenten som redda verden den gongen.

Ei lita historie eg høyrte av Johan Steinsrud fordel litt om terrorbalanse. Det var Todalingen som møtte bjørn. Skildra slik: Så stod vi der og såg kvandre inn i augo. Til slutt måtte den som hadde vett te det vike. Han vikt bjørnen. Det ligg ein problematikk frå 1963 som er ganske aktuell no. Kor nær opp til den russiske grensa vil Russland godta at Nato kjem.

Men samtidig er det klart at Putin i dag bommar totalt. Dei har i heile etterkrigstida hatt eit lojalt land i Finland. Og så fører Putins handlingar til at Finland melder seg inn i Nato. Det går ikkje å true seg til vennskap.

1970-talet. Eg har lært at demokratiets vugge var i Hellas og så skulle eg som ung mann oppleve at Hells vart omgjort til eit diktatur. Demokrati er ikkje sjølvsagt. Det gjorde inntrykk at Hellas skulle bli eit diktatur i mi levetid.

Slutten av åttitalet er neste milepæl eg vil stoppe for. Gorbatsjov mjukar opp Sovejetunionen og han blir ein populær mann i vest. Men det er viktig å forstå at han nok ikkje var så populær i Russland. Dei prøvde å eksperimentere med demokrati, men hadde ingen demokratisk tradisjon. Dei ropte nok meir på den sterke mann som kunne gjenreise det store rike - ein rolle som Putin hadde veldig lyst til å gå inn i.

Eg vil og dvele ved eit trekk i Sovjetstaten som bygde på ateismen som fundament for staten. Dermed vart ein del kristne både drept og forfulgt som fiendar av staten. Det er eit trekk som går igjen i slike saker – nemlig korleis ansvar blir plassert hos motparten. Viss du fornektar den krisne trua og melder deg inn i kommunistpartiet så skal du få ein god og sikker jobb. Og viss ikkje, ja da er det di skuld at du ikkje får jobb.

Ein tilsvarande tankegang brukar Putin i dag på statsnivå. Han understrekar i dag at Ukraina og Russland er broderfolk, men sidan Ukraina har vorte så vestleg må han redde landet frå nazifisering. Han plasserer ansvaret hos Ukraina. Ikkje så så rart at folk i Kiev brukte store maskiner for å rive ned ein statue om vennskap mellom det russiske og Ukrainske folk. Det går ikkje å true seg vennskap.

Men litt tilbake til hendingar som betyr mykje for meg. Da vi skulle ha OL på Lillehammer i 1994 var Sarajevo som nylig hadde hatt OL allerde ei krigssone.

Krigen der var ein ganske annan type enn den vi har i dag. Men årsakene der var meir at hatet får grobunn. Når tapet på Kosovoletta på 1300-talet skal hevnast i dag må det gå galt. Politiske ledarar som som fremmar hat er farleg. Hatretorikk er farleg. Det var eit hat som førte til at dei som hadde levd som vanlege naboar jaga folk ut av husa i nabolaget og dei som var av rett sort flytta inn i staden. Dermed vart det masse folk på flukt og krigen var i gang.

Hitler hata jødane men det kunne ikkje blitt eit holocost utan at hatet vart planta hos vanlege folk.

Eg dag tykkjer eg det er grunn til å vere svært urolege for alt vi ser av hatefulle ytringar. Vi skal diskutere og vi kan vere svært uenige, men det er det som er demokrati. Men når dei som tek på seg verv blir utsett for hatefulle ytringar er det ein fare for demokratiet fordi det fører til at færre tør å ta på seg verv. Dessverre ser det ut til at hets på sosiale medier ser ut til å ramme unge jenter som vel å ta på seg oppgaver.

Eg tykkjer det er flott at ordføraren i Sunndal har plolitianmeldt ytringar på sosiale medier no i år.

Når debatten blir prega av hatefulle ytringar blir det også vanskeleg å finne gode og samlande løysingar og når da sanninga må vike for alternative sanningar slik som i USA har vi sett at eit solid demokrati som USA vaklar i sine grunnvollar.

I dagens Russland er det jo reinspikka løgn som blir servert for folket og beinhard styring av media i tillegg. Når det da attpå til er strenge fengselstraffer for å kritisere myndighete har vi i grunnen med eit skrekkvelde å gjere.

Ein slik angrepskrig som vi ser i dag kan i grunnen ikkje føre til noko godt, men eg har eit visst håp til at samhold og internasjonal boikott kan virke.

Men det kostar også for dei som gjennomfører boikotten, og det gjeld å stå opp for det vi meiner rett.

For nokre år sidan vart Nobels fredspris utdelt til ein som ville seie si meining i Kina. Det vart ikkje teke godt i mot i det mektig Kina. Da forholdet til Kina holdt på bedre seg kom Dala I Lama på besøk til Norge. Kina ga beskjed om at norske mydigheter ikkje skulle møte han. Kina fekk det som dei ville. Eg tykte det vart ei av dei mest pinlege situasjonane vi har hatt.

Kva ville mennene på Eidsvoll ha tenkt om dei høyrte at norske utanriksspørsmål skulle avgjerast i Beijing. Men vi tjente mykje på norsk laks ved å lystre.

Konklusjon.

Demokrati, fred og velstand er ikkje sjølvsagt. Vi må rekne med å kjempe for det vi meiner er rett.

Samtidig må vi vi kjempe mot alt som liknar på hatefulle ytringar fordi det er med på ødelegge demokratiet.