Ein annleis 1. mai

Erling Outzen (SV).

Erling Outzen (SV).

Av
DEL

Leserbrev1. mai er ein kampdag og ein festdag. I år vil dagen bli annleis enn vi er vant til, både i Sunndal og elles i landet, men kampane for arbeidar-rettar og solidariteten med kvarandre er viktigare enn nokon gong.

Kriser avslører mykje om eit samfunn. Koronapandemien er den største krisa vi har opplevd på mange år, og måten vi møter den på fortel mykje om samfunnet vårt. Det handlar først og fremst om solidaritet, og eit samfunn der folk er villige til å stille opp for kvarandre. Vi ser stadig døme på at veldig mange er villige til å strekke seg langt for å hjelpe og ta vare på dei som treng det aller mest.

Likevel viser denne krisa også at samfunnet vårt er sårbart, og at forskjellane i samfunnet fort kan bli større. Den viser kor avhengig vi alle er av fellesskapet, og kor viktig det er at fellesskapet stiller opp når det er nødvendig. Men vi må også sørge for at når fellesskapet stiller opp, skal ikkje nokre enkeltpersonar bruke det til å fylle lommene sine på kostnad av oss alle.

Krisa viser tydeleg kven vi ikkje greier oss utan i samfunnet. Mange yrkesgrupper som har blitt tatt for gitt, er heltane i kampen mot sjukdomen og for at samfunnet skal kunne fungere. At dette gjeld tilsette i helsestellet seier seg sjølv, men også folk som til dømes reinhaldarar, transportarbeidarar og butikktilsette står på for oss alle. Fleire andre grupper kunne nemnast. Dei som no jobbar hardt for fellesskapet er ikkje nødvendigvis dei med høgast løn. Sjølv om applaus og gode ord er fint, så må vi sørge for eit skikkeleg løft i desse yrka, med heile, faste stillingar og ei løn å leve av.

430.000 menneske er no heilt eller delvis arbeidsledige. Vi veit at det kjem til å bli tungt for mange framover. Derfor må vi i fellesskap halde fram med å stille opp for dei som blir ramma, også etter at perioden vi no er inne i er over. Arbeid til alle må framleis vere ei levande målsetting politikken bør basere seg på.

Akkurat no er det kanskje vanskeleg å sjå for seg, men det kjem ei tid etter krisa også, der applausen har stilna og vi gradvis kjem inn i kvardagen att. SV skal halde fram med å kjempe for eit samfunn med sterke fellesskap og små forskjellar, eit godt samfunn for vanlege folk, der dei på toppen bidrar meir enn idag.

På 1. mai står vi saman om ei meir rettferdig fordeling – ikkje berre av goda, men også byrdene. Same kva måte vi markerer dagen på.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags