Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noreg er eit fantastisk land der frivilligheita, fellesskap og dugnadsånd står sterkt. Over alt i kommunen vår er det folk i lag og organisasjonar som bruker verdifull fritid til å få viktige delar av samfunnet til å gå rundt. Folk sit i styret i hjelpeorganisasjonar, dei trener ungar i både den eine og andre idretten, bakar kaker, sel lodd, ryddar, vaskar, sjauar og organiserer.
Det er dette vi feirar i frivilligheitas år.
Akkurat no så trengst det frivillige til den aller mest grunnleggande dugnaden i lokalsamfunnet. Den dugnaden som legg grunnlaget for at alt det andre kan fungera, nemeleg demokratiet.
I kommunen finn du mange som driv med frivillig arbeid fordi dei har eit brennande ynskje om å gjere lokalsamfunna sine betre. Ein har dei faste representantane i kommunestyret, dei mange vararepresentantane og folk i ulike utval og råd. I tillegg kjem alle dei som brukar borgarretten sin til å påverka politisk i ulike saker som er viktige for innbyggjarane i kommunen. Det kan du og gjere!
På heimesida til kommunen kan du lesa om korleis nettopp du kan påverka politisk. Ein kan for eksempel delta i opne møte, fremja innbyggjarinitiativ til kommunestyre eller ta direkte kontakt med ein av dei folkevalde. Eg håpar fleire vil bruka retten sin til å påverke si eige framtid i kommunen.
Samtidig vil eg trekkje fram at man har fleire påverknadsmogelegheiter. Ein kan for eksempel melda seg inn i eit politisk parti, delta i utviklinga av dei politiske programma til partiet, driva valkamp og ein kan stilla seg til disposisjon som folkevald for lokalsamfunnet!
Ingen av dei som er politikarar i kommunen i dag har fått eit brev i posten frå ein eller annan politikarskule fordi dei har gode evner eller motet som krevst for å vera folkevald. Politikarar er valde av folket. Men før det, så vart dei vald av sitt eige parti. Og før det igjen, så valde dei seg sjølve.
Nett no jobbar alle dei politiske partia med å finna sine kandidatar til vallistene. No pågår prosessen med å finna dei som skal vera våre folkevalde etter kommunevalet i 2023. Eg vil oppmoda deg om å melda deg til teneste.
Alle parti treng gode, samvitsfulle vaksne i alle aldrar til listene sine. Partia treng dessutan frivillige til styret og i ulike utval og til valkamp.
Om du ser med bekymring på framtida og føler deg makteslaus og ubetydeleg. Om du ikkje veit korleis du kan bruka kreftene dine på å gjera ein skilnad, er det lokaldemokratiet som er svaret. Du kan bety noko for bygda! Du kan leggja tid og krefter inn i dette viktige felles prosjektet. Tilbake får du kjensla av å ha fått sagt kva du meiner, godt fellesskap med meiningsfellar og frå tid til annan faktisk også verkeleg gjennomslag for dei sakene du meiner er viktigast.
Om du som meg veit at vi står overfor massive utfordringar og veit at vi har det travelt med å få ned klimautsleppa og ta vare på naturen, då høyrer du nok heime i Miljøpartiet Dei Grøne.
Om du har andre prioriteringar som er viktigare, då høyrer du kanskje heime i eit av dei andre partia.
Demokratiet er ditt, og det må brukast!