Då er vi der igjen. Rekneskapen sin time er komen for kor mange sau som har blitt borte i løpet av sommaren. Tapa blir sett i samanheng med rovdyr. Så slepp ein å gruble på kva anna det kan vere.

Det er mange som seier det er mykje gaupe i Tingvoll. Det er ikkje så godt å seie kor mange, men det er heilt sikkert nokre gauper. Det er bra, sidan Tingvoll er ein del av forvaltingsområdet for gaupe, der det skal vere gaupe.

Korleis skal dette gå i hop? Sauebonde Nils Fløystad var inne på noko tidlegare i haust. Der det ikkje er så mykje hjortedyr reknar ein ofte at ei hogaupe bruker 600 km2. Når det er mange hjortedyr, så klarer ei hogaupe seg med 300 km2, dvs. eit areal like stort som Tingvoll. Så kan ein spørje seg viss det over tid er to hogauper i Tingvoll, då må det vere ikkje berre mange, men dobbelt mange hjortedyr for at desse gaupene skal få mat i perioden 15. september til 15. mai. Det er trass i alt mesteparten av året. Det vil ikkje vere to hogauper som yngler i Tingvoll viss det ikkje er mat nok om vinteren. Hare finst knapt og mus i noko mengde går det år mellom. Den mest aktuelle vintermaten er ein og annan huskatt, raudrev og hjortedyr.

No bør Nils Fløystad, andre saueeigarar, andre grunneigarar og folk med børse følgje nøye med, for no vil Naturvernforbundet gje råd om korleis ein kan redusere gaupebestanden. Det skjer ikkje ofte. Det blir nemleg ikkje store endringar på fellingskvoter for gaupe i Tingvoll. Sidan Tingvoll er ein del av forvaltingsområdet, er stortingsforlik og anna basert på at sauenæringa skal tilpasse seg at det er gaupe i området, ikkje motsett. Er tapa for store, er det sauenæringa som må gjere endringar. Men det finst ei moglegheit likevel. Viss ein reduserer mattilgangen for gaupa om vinteren, då vil det bli færre ynglingar i Tingvoll. Det vil i klartekst seie at ein må jakte massevis av hjort og rådyr. Bestanden må mykje ned. Veldig mykje. Det bør vere fullt mogleg å få til. Naturvernforbundet kjem ikkje til å legge hindringar i vegen.

Å redusere bestanden av rådyr og hjort veldig mykje vil vere godt for meir enn Nils Fløystad si gaupeplage. I skogen er alm ille ute fordi hjortedyra gnager borken. Rogn, osp og selje slit også veldig. Dette er treslag med rik bork. Truleg er det viktig at det er ein del av dei i skogen. Enkelte år går det hardt utover blåbæra. Blåbæra er det også mange andre dyr og fuglar som treng. Dei som dyrkar gras er plaga. Ein del bilistar blir plutseleg også plaga. Flått er også eit tema i denne samanhengen. Gjennomsnittsvekta på hjort og rådyr har vel også gått ned, eit vanleg teikn på for stor bestand.

Løysinga er enkel: Skyt meir hjort og rådyr. Mykje meir.