Er du interessert i kva som skjer i hjernen? På Tingvoll får du nokre av svara fredag

Innleder: Unni Støbet Lande (t.v.) skal holde en innledning på Pecha Kucha-kvelden. Her sammen med Hanne Iren Dahlen. Foto: Privat

Innleder: Unni Støbet Lande (t.v.) skal holde en innledning på Pecha Kucha-kvelden. Her sammen med Hanne Iren Dahlen. Foto: Privat

Pecha Kucha er attende. I Tingvoll Økoparken fredag kveld er det ei skikkeleg forskarutgåve: Velkommen til Forskingsdagane 2020.

DEL

«Er det riktig at du kan få grå hår av stress? Og når noko treffer deg midt i hjartet, er det eigentleg der det treffer?»

Tema for årets Forskingsdagar er «Den fantastiske hjernen». Det føregår arrangement over heile landet. På Tingvoll arrangerer NIBIO i samarbeid med Kraftverk denne publikumskvelden med Pecha Kucha i Tingvoll Økopark. Det skjer i økoparken fredag kveld.

Pecha Kucha er japansk for «lyden av folk som snakkar». Tre deltakarar presenterer 20 bilete på lerretet og snakkar i 20 sekund per bilete – totalt 6 min 40 sek per presentasjon.

Kveldens innleiarar

Bjarte Bye Løfaldli om «Luktesansens hemmlighet»:

Bjarte er forskar og nevrobiolog ved Helseinnovasjonsenteret i Molde og kan det meste om korleis vi menneske og dyr kan kjenna og hugsa dufter. Kvifor er eigentleg denne ofte gløymde sansen så viktig for kjenslene og liva våre?

Unni Støbet Lande om «Økologi i hjerte og hjerne»:

Unni er stasjonsleiar ved NIBIO Tingvoll og vil dukka inn i korleis ein forskar brukar hjernen. Er dei heilt annleis enn oss «vanlege» menneske? Kva er det som driv ein forskar framover?

Juni Rosann Engelien Johanssen om «Dyr og instinkt»:

Rosann arbeider i NORSØK, har nyleg starta på doktorgraden sin i dyrevelferd og er ei uuttømmeleg kjelde om alt frå kyllingar og kyr til hundar og kaninar.

Servering

– Vi serverer alkoholfritt og har plukka ut det aller beste frå dei alkoholfrie hyllene på polet, frå små og store produsentar. Får du lyst på ein matbit, kjøper du ei Økofjøl med ost, oliven, spekeskinke, aioli og heimebakt brød. Svensk økopotetgull har vi òg, seier Unn C. Fyllingsnes som er ein av arrangørane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken