Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Jervetrykket er alt for stort» ser vi i Aura Avis. Det er leiaren for rovviltnemnda som har mykje ho vil ha sagt.
Det er i 2021 påvist 3 ynglingar innanfor forvaltingsområdet for jerv i Møre og Romsdal, dvs. som det vedtatte målet. DNA-registreringane seier at bestanden heller ligg under enn over. I forvaltingsområdet er det følgeleg ikkje for mange jerv. Dessutan er det felt to jerv i forvaltingsområdet denne sesongen, så då ligg vi heller på nedsida ved at det er for lite jerv.
Det er påvist ytterlegare to ynglingar i Møre og Romsdal, i beiteprioritert område. Desse er det lisenskvote på, og skadefellingsløyve får ein ganske lett. Det er i praksis ingenting som er til hinder for at desse to ynglingane blir jakta på. SNO og lisensjegerar feller jerv i Trollheimen nesten kvart år. Naturvernforbundet tykkjer gjerne det bør vere jerv i Trollheimen, men vi veit godt at vi ikkje får medhald om vi klager på kvota i beiteprioritert område, så vi bruker ikkje tid på å klage på den delen av kvota.
At vi i region 6 har ein jervbestand som ligg over målet skuldast i tillegg til Trollheimen at det er ein tettare jervbestand nord og aust i Trøndelag. Det er i tilfelle der det må jaktast viss ein meiner det er nødvendig å kome seg ned på vedtatt bestandsmål.
Når det gjeld gaupe har ikkje Naturvernforbundet problem med å godta at det finst ein del gaupe rundt om på Nordmøre. Er det for mange? Det vi ser er at det framleis er betydeleg med både hjort og ikkje minst rådyr dei fleste stadene på Nordmøre. Når vi ser i skogen legg vi merke til at rogn, osp, selje og alm slit med å vekse opp. Det er småplanter på ein halvmeter høgde og så gamle tre. Alt i mellom har hjortedyra ete opp i område dei bruker om vinteren. Held det fram slik, vil skogen på Nordmøre bli ein heilt annan i løpet av nokre tiår. Sidan jegerane ikkje får til å jakte nok på hjort og rådyr, treng vi gaupa som har desse to artane på matsetelen. Det finst fleire måtar å rekne kor mykje gaupe det er, men det speler ikkje så stor rolle, når vi ser teikna i skogen. Dei gaupene som er der har vi bruk for ei stund til. Viss det er nokre jegerar som vil gjere noko med gaupebestanden, så får dei jakte på rådyr og hjort. Det har størst verknad.
Nemnda hadde merksemda på bjørn tidlegare, men det trengst ikkje no, seier leiar av rovviltnemnda. Det skal vere visst. På svensk side gjekk det med ein heil del norske binner i 2021. Nemnda gjorde kva dei kunne i 2021 for at det skulle minke endå meir. Det er ikkje særleg sannsynleg at ein når binnemålet i Nord-Trøndelag med det første. Naturvernforbundet merker seg at det er noko slikt som skal til for at rovviltnemnda er nøgde. Då er det på ingen måte nødvendig å gje nemnda meir makt. Då er det heilt fint at direktorat og departement gjev medhald på ei og anna klage frå Naturvernforbundet.
Naturvernforbundet veit veldig godt at store rovdyr er ein plage for dei som har beitedyr. Men store rovdyr er ein del av økosystemet. Dei gjer også betydeleg nytte. Naturen og vi treng ein del store rovdyr.