Ferjefiasko frå Høgre

Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Av
DEL

Leserbrev Høgreregjeringa har ikkje lytta til ferjeopprøret. No er det Frp som må redde ferjene i Møre og Romsdal frå økonomisk forlis.

Dei siste åra har kostnadene til drift av ferjer auka brått, utan at tildelte midlar har halde følgje. Berre i Møre og Romsdal utgjer dette no om lag 200 millionar kroner. Kvart år.

Dette er sjølvsagt dramatisk for fylkeskommunen sin økonomi, og det forklarer ferjeopprøret tidlegare i år. Høgreregjeringa ser diverre ikkje ut til å ha forstått alvoret.

I sitt framlegg til statsbudsjett gjev dei ikkje noko bidrag til å halde ferjetilbodet oppe eller ferjetakstane nede. Møre og Romsdal blir tildelt berre 14 millionar kroner for å finansiere meirutgiftene med miljøferjene – sjølv om kostnaden er nærmare 80 millionar kroner.

Sjølv om staten vil kompensere noko for nedgang i trafikk på grunn av korona, hjelp det ikkje på finansiering av den ordinære ferjedrifta.

Sp og Ap vil foreslå auka overføring til kystfylka for å kunne ha eit godt ferjetilbod til forsvarlege prisar. Det er avgjerande for det verdiskapande næringslivet og innbyggjarane våre, og særleg i ei tid kor koronapandemien gjev oss store utfordringar.

Frps Frank Sve er på vanleg vis ute for å skjønnmale situasjonen. Det skuldast nok aller mest at han er redd for at heller ikkje Frp ikkje vil prioritere ferjereisande når det kjem til stykket. For det er Frp som sit med nøkkelen no. Høgreregjeringa sitt framlegg til statsbudsjett har ikkje fleirtal utan Frp si støtte. Om Frp vil, kan dei løyse ferjeutfordringane i Møre og Romsdal no i haust

Til dømes kan dei bidra direkte økonomisk til å redusere prisen på ferjebilletten og/eller auke inntektsnøkkelen så Møre og Romsdal unngår ferjekutt.

Frp må ta eit verdival på om dei vil gjere det, eller halde fram med å prioritere folk i sentrale strøk som allereie har mest frå før.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken