Gå til sidens hovedinnhold

Ferjetakstane blir ikkje auka, FrP fekk rett igjen!

Lesarbrev

FrP har omtalt auken i ferjeprisane som greinalause og aldeles unødvendig, med bakgrunn i at fylket har pengar nok og lever i sus og i dus økonomisk.

No avlyser fylkeskommunedirektøren økonomikrisa i fylkeskommunen, og gjev såleis FrP her i fylket aldeles rett i vår kamp mot «røkla» Sp, Ap osv som har ivra for å auke ferjeprisane kraftig.

«Avlyser økonomikrisa».

Det er overskrifta i mange regionsmediar for tida, ang fylkeskommunen sin økonomi.

Heilt frå budsjettsaka for eit år sidan, har vi i FrP her i fylket gong på gong fremma framlegg om å kutte ferjeprisane og takstaukane som vart vedteke av Sp, Ap .

No går fylkeskommunedirektøren ut, og gjev FrP heilt rett i at fylket har meir enn nok pengar sjølve, til å hindre auka ferjeprisar og auka takstsoner.

Sitat frå fylkesrådmannen:

– Vi kommer ikke til å komme i en situasjon som gjør at vi havner på Robek-lista. Vi har stålkontroll på driftsutgiftene våre, sier Guttelvik til Sunnmørsposten.

Sitat slutt.

Kva var det vi i FrP har hevda?

Heile spetakkelet til Sp som har forsøkt å «skape» eit distriktsopprør mot ferjeprisane, er berre eit dårleg politisk spel, og slett ikkje ein realitet.

No får vi i FrP med oss Høgre og Sp og sikkert Sunnmørslistene og Nordmørslista, til å IKKJE auke ferjeprisane med 1 takstsone.

Ap og fylkesordførar Tove Lise Torve kjem nok til å støtte sin samarbeidspartnar fylkeskommunedirektøren, «og stemmer som vanlig blindt for det han kjem med og aukar såleis ferjetakstane med 1 takstsone».

Samtidig som Ap fortsatt kjem til å skulde på Stortinget, regjeringa og Erna, samtidig som fylket «lever i sus og i dus» økonomisk og, «brukar 350 mill Kr på bypakkar og opera, og til mykje, mykje meir slik som unødvendige prosjekt og kraftig auka administrasjon»

Flott no at Høgre og Sp støttar oss i kampen mot høge ferjeprisar og auka takstsoner, og at fylkeskommunen sjølv må ta ansvaret for eiga drift.

Kommentarer til denne saken