Det skjer etter dialog med Surnadal og Sunndal kommunar og Hydro. Etter ei vekes erfaring med 18 minutts overfartstid blir også overfartstida redusert med tre minutt.
Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Kortare overfartstid
- Grunnen til at vi auka overfartstida i utgangspunktet var at vi måtte hindre meir utvasking av sjøbotnen på Rykkjem ferjekai, som i verste fall kunne føre til ei langvarig stenging av sambandet. No ser vi at ferjene kan legge til med mindre motorkraft på kortare overfartstid og da gjer vi sjølvsagt endringa, seier teamleiar for FRAM, Olav Arne Vatne i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fleire avgangar
I samråd med kommunane og Hydro blir det også sett inn til saman åtte fleire avgangar, to på morgonen, to på ettermiddagen og fire på kvelden. Dei nye rutetidene gjeld frå onsdag 5. mars slik at ein kan oppdatere tekniske tenester for ruteinformasjon og næringsaktørane får litt tid til å endre arbeidstider.
Reiseplanleggaren på nettsida til FRAM og i FRAM-appen er oppdatert. Ny rutetabell er lagt ut på nettsida til FRAM.