Folkestyre eller byråkratstyre?

Av
DEL

LeserbrevKommunedirektøren har i media igjen uttalt seg om (manglande) rolleforståing hos folkevalgte og derav nødvendig «politikeropplæring». Men det ligg føre eit vedtak i kommunestyret 4. februar der vi folkevalgte heilt bevisst endra det nedlatande uttrykket «politikeropplæring» til berre opplæring, rett og slett, altså opplæring også av administrasjonen. Dei nøyaktige grenseoppgangane er trass i «opplæringa» for øvrig ikkje avklara, og ikkje vedtatt av oss folkevalgte.

Kommunedirektøren framstår altså igjen ovanfrå og ned i forhold til oss folkevalgte. Det ho seier – eller slik ho kan tolkast – er at visse folkevalgte har vore slemme barn. Men no er vi blitt oppdratt, og da kan ho/administrasjonen/dei vaksne jobbe vidare. Her må ein minne om at det ikkje var vi folkevalgte som stansa prosessen for det politisk vedtatte heiltidsprosjektet, og fleirtalet av folkevalgte har heile tida meint at den burde halde fram, og bygge på det arbeidet som som alt er gjort i arbeidsgruppa.

Det ser ut til at det igjen er nødvendig å understreke følgjande: Dei folkevalgte er folkevalgte, representantar for folket i frie valg. Kommunedirektøren er ein tilsett administrativ leiar. Spørsmålet er da: Kven skal eigentleg ha makta i Sunndal kommune, demokratiet eller byråkratiet?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags