Gå til sidens hovedinnhold

Frank Sve: Heller gratis ferjer, enn Møreaksen!

Møreaksen er historie, og gratis gode ferjer eller Romsdalsaksen med veg oppe på sjøen er løysinga.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Korleis har Møreaksen-forkjemparane tenkt å argumentere framover, no når alt tyder på at ferjeprisane blir kraftig redusert eller gratis ferjer blir innført slik vi i FrP ynskjer.

Kven er villig til å måtte betal 5-600kr tur/retur for kryssing av Romsdalsfjorden via ein stor omveg gjennom Molde, når ein no snart truleg kan reise gratis med ferja?

Kven ynskjer dette?

– finn den sunnmøringen eller nordmøringen som er villig til dette?

Ferjeavløysingsmidlane til Møreaksen forsvinn også, noko som betyr at Møreaksen-prosjektet blir enda dyrare og langt over dei 25 milliardane av kroner som no er stipulert.

1,5 milliard kroner vil ei halvering av ferjeprisane koste, og tre milliard for gratis ferjer.

Stortinget bør leite fram kalkulatoren sin, og snart fatte at Møreaksen til meir enn 30 milliard kroner, sannsynlegvis er ti gongar dyrare enn gratis ferjer i heile landet.

Eit stort fleirtal her i fylket vil fortsatt ha gode ferjer over Romsdalsfjorden eller Romsdalsaksen.

Valget til hausten blir eit «aksevalg» og eit valg for gratis ferjer.

Bruk pengane frå Møreaksen på realistiske vegprosjekt slik som Blindheim- Breivika, få orden på Veibustkrysset og bygg Lerstadvegen utan bompengar.

HAFAST, og Rovdefjordbrua er prosjekt som uansett har kost/nytte effekt, og vil kunne prioriterast. Det same gjelder Langfjordkryssinga.’

Møreaksen er berre ein dyr, farleg, miljøversting av ein omveg over Romsdalsfjorden, som no berre er å skrinlegge ein gong for alle.

Kommentarer til denne saken