Fredsdagen 1945

Torolv Løset. (Arkiv)

Torolv Løset. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevDet er fredag 8. mai 2020 og eg sit og fylgjer ein del på fjernsynet om fridomsdagen vår 8. mai for 75 år sia. Det er vel utan tvil ein av dei mest spanande dagar eg har hatt.

Det er sjølvsagt rett at det er 8. mai som er fridomsdagen, men når eg no sit og friskar oppatt, fall eg for freistinga å ta med litt meir lokalt. Det var da akkurat midt i siste eksamenstida på realskulen på Tingvoll. Vi var om lag 40 elevar, delt på to klassar. Jentene hadde prestekontoret, og gutane Borgstua til klasserom. Jostein Kallset og eg delte hybel i to år hjå Nekoline Hanem, og slik var det vel naturleg at vi var godt kjende både med folk og forhold. Ein lærar var arrestert, og det var fleire studentar som måtte ta over som vikarar. Men vi kom da brukbart igjennom.

Utover ettervinteren var det heilt klart kva veg det gjekk i krigen, men det var mykje diskutert når freden kunne kome, og korleis den ville kome.

Så skjedde det da, måndag 7. mai. Vi sat og åt middag. Da kom det to av skulekameratane, som budde nedi Rimstadbukta, fykande inn og ropa at no var det fred. Nokon hadde høyrt det på ein ulovleg radio. Maten vart gløymt og vi for nedover Vågen og oppsøkte kjenningar. Og det vart snart eit heil tog som gjekk ut til prestegarden og attende. I spissen gjekk, kompis Jens Petter med trekkspel og spela «Gammel jegermarsj». Det rare skjedde at vakta opna bommen og slepte oss igjennom utan noko problem på Vikasanden.

Det som vi vart fortald seinare, av vakse folk, var at vi hadde vore veldig uforsiktige med å provosere tyskarane. Det var da ikkje for dagen etter, den 8. mai at tyskarane kapitiulerte, og gav oss friheita attende.

Og vi hadde i ettertid all lykke i vår kommune, med så langt eg har haurt, ikkje kom noko blodig samanstøyt mellom nordmenn og tyskarar. Vi veit no at fredsdøgeret vart det skote mange nordmenn av fulle tyskarar.

Hovudkvartert til tyskarane på Tingvoll var der kommunehuset er no, og det vart ei livleg millitær aktivitet til og frå der utover heile kvelden. Og vi elevane prøvde så godt vi kunne å halde oss orienterte.

Dei små kjkke telefonane alle har no, var det ingen som hadde høyrt namnet på enno, men munn til munn metoden virka godt, og alle trekte seg heim med ordre om å møte fram ved kyrkja neste dag kl. 11.

Alle hadde slutta arbeidet sitt da nyheita kom, og det norske flagget kom fram. Det viste seg og at temmeleg mange «ulovlege» radioar kom fram i opne vindauga og verandaer, og da var det heller ikkje spara på volumet.

Det som hende seinare er det vel skrive meir fyldig om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags