Det er programkomiteen sitt forslag om å fjerne formuleringa om utmelding av Nato som har fått merksemd i media. Men det er mykje anna interessant i utkastet. Ikkje minst kva slags «sosialisme» SV står for.

Som komité-leiar Fylkesnes har sagt, vil vi ikkje definere vår sosialisme ut frå ein person eller ein teori frå fortida, men ut frå ei her-og-no-vurdering av vårt eige land og samfunn. Vår eigen kvardag. Vi vil tenke sjølv. Det er mykje sosialisme – slik SV ser det – her i landet allereie.

Overalt der folk går saman, står saman, om å løyse oppgåver og fremme sine interesser, finst sosialismen. I fagorganisasjonar, i andre organisasjonar, i velforeiningar, burettslag osv. Det er eit sterkt sjølvorganisert sivilsamfunn, ikkje statsmakta, som er basisen for SV sin friheitlege sosialisme.

Denne sosialismen er altså anti-autoritær, nedanfrå-og-opp, og vi har han til dels allereie. Vi har allereie noko å forsvare og å bygge vidare på. Vi har ein relativt egalitær tradisjon her i landet. Og ein fellesskapstradisjon. Ein tradisjon som har skapt ein høg grad av tillit i samfunnet. Og dette er noko vi ikkje må skusle bort. Ikkje til ein såkalla «fri» marknad, som er pengemakt, og heller ikkje til ei overveldande statsmakt. Ingen av desse skal få dominere overalt.

Ein stat må vi likevel ha. Men den skal berre omfordele og sikre demokratiet og velferda. Ikkje blande seg inn i folks liv på alle mulege vis. Vere ein tenar, ikkje ein overformyndar. Det er til dømes ikkje statsbestemte nemnder som skal bestemme om ei kvinne får abort, det skal kvinna sjølv bestemme.

Dette er sjølvsagt eit gradualistisk og reformistisk program. Men «revolusjonar» har oftast gått ut på å erstatte éin autoritær elite med ein annan – og ofte ein verre ein. SV sin her-og-no-sosialisme har ingenting med dette å gjere. Den er først og fremst friheitleg og folkeleg.

Eg er veldig godt nøgd med programutkastet. Det mest verdifulle godet er fridomen. Utan fridomen vil kampen for større likheit mislykkast, før eller sidan. Derfor altså friheitleg sosialisme, nedanfrå, sjølvorganisert, bygd på dei beste tradisjonane folket har, bygd på norsk røyndom.