Fylkestinget i Geiranger blir avlyst – gjennomfører tinget digitalt

Av
DEL

Tirsdag ettermiddag har fylkesordføraren og gruppeleiarane på fylkestinget avgjort at fylkestinget ikkje blir gjennomført som fysisk møte i Geiranger. Årsaka er smittesituasjonen vi har i Møre og Romsdal.

– Vi har no fleire pågåande utbrot av smitte i fylket, og det er klart ein stigande trend med 62 bekrefta tilfelle dei siste 14 dagane, med Molde og Kristiansund som dei mest omfattande. Vi ser også at det er fleire tilfelle i andre kommunar, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Torve seier at fleire av representantane som skal møte på fylkestinget har kritiske funksjonar i eigen kommune, mellom anna er fleire av representantane ordførarar.

– Med dagens omfang av smitte, er det ikkje usannsynleg at fleire smittetilfelle vil dukke opp i tida framover. Vi skal dessutan samle representantar frå heile fylket og over fleire dagar, og det er ein risiko vi verken kan eller vil ta, slik situasjonen er no, seier Torve.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken