Sidan 9. desember har beredskapsnivået i Helse Møre og Romsdal vore satt til gult. Frå og med måndag 3. januar blir beredskapsnivået endra frå gult til grønt, men beredskapsleiinga blir videreført.

– Dette gjer vi ut i frå ei samla vurdering av kapasiteten i sjukehusa, antal utskrivingsklare pasientar og antal innlagde med Covid-19. I tida framover har vi fokus på at pasientar skal få gjennomført dei utgreiingane og operasjonane dei har fått time til, fortel fagdirektør Torstein Hole i ei pressemelding måndag.

Framleis høgt smittetrykk

– Vi går inn i ei tid der vi forventar auka smitte av omikron i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for at vi viderefører besøkrestriksjonane er omsynet til våre pasientar og tilsette. For å oppretthalde sjukehusdrifta treng vi så mange som mogeleg av våre tilsette på jobb og derfor vil vi så godt det let seg gjere verne dei mot potensiell smitte, sjukdom og karantene, seier Hole.

– Det er ikkje mogeleg å seie kor lenge dei strenge besøksrestriksjonane vil vare, men vi vurderar fortløpande ei lette på bakgrunn av blant anna smittetrykket i fylket og i landet elles, legg fagdirektøren til.

Anbefaler sterkt å ta vaksinen

– Omikron er mindre farleg, men framleis eit livsfarleg virus for dei uvaksinerte. Antalet innleggingar blant dei yngre aldersgruppene har auka sist veke. Alle som kan få dose 3 må ta dose 3 dersom vi skal nærme oss ein normal kvardag før påske, seier avdelingssjef for medisinsk mikrobiologi, Einar Nilsen.

Grøn beredskap er skjerpa beredskap

Helse Midt-Norge har fire beredskapsnivå, der kvit er normal beredskap.

– Når Helse Møre og Romsdal no går over til grøn beredskap og ikkje kvit (normalberedskap) er det for å følge smittesituasjonen tett og fortløpande kunne vurdere konsekvensane den har for sjukehusdrifta, fortel Hole.

Beredskapsnivåa:

KVIT beredskap: (Normalberedskap)

GRØN beredskap: (Skjerpa beredskap). Beredskapsleiing er etablert, og nokre funksjonar kan ved behov bli forsterka

GUL beredskap: (Delvis mobilisering)

RAUD beredskap: (Full mobilisering)