Gardkjerringane fortener å bli framheva

Av
DEL

LeserbrevEtter at eg på mine eldre dagar fekk betre tid og nye interesser har eg fått veldig stor respekt for dei folka som har vore føre oss. Ikkje berre her på garden sjølvsagt, men mest over alt nytta dei alle ressursar dei hadde for å betre framtida for sine etterkomarar.

Men ei gruppe vil eg like vel tillate meg å framheva. Det er dei som vart gardkjerringar, ofte i ung alder. At dei greidde å planlegge og administrere alt husarbeidet i tillegg til arbeid og barnestell. Det var ikkje uvanleg med ein 10 -12 personar som skulle ha mat til frukost, middag, non og kveld. Det fantest korkje elektrisk komfyr, kjøleskåp eller frysar. Alt måtte ligge godt i forkant med sundhogging og utvatning av salta fisk og kjøt. Alt måtte vurderast nøye , for sløsing var det ikkje mykje plass til. Det er lett å skjøna når ein ser dei faktiske rekneskapstala frå den tida.

Det same var det også med å ha brukbare klede til alle. Det var nok mang ein kvelds og nattetime som gjekk med til sying, strikking og lapping, for at alle hadde noko å ha på seg både første og komande dagar.

Ein må vel heller ikkje tru at det var lita interesse frå mange for å sjå kor den nye husmora greidde jobben sin. Det måtte vere eit alvorleg psykisk press, i tillegg til alt det andre. Men for oss som har fått det litt på avstand ser det ut som dei aller, aller fleste løyste oppgåva si på ein glimrande måte.

Da elektrisk straum og tekniske hjelpemiddel kom, vart det og slutt på dei store hushalda. Da kom ein heilt ny tidsepoke.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags