Takketale til årets revysjarmørar og hjelparane deira;

Årets revystunt har vore ein sjanseseilas utan like, slik også fjorårets oppsetting var. Smittefaren og nedstengingsspøkelset har lurt rundt alle hjørne, og faren for havari har vore ganske stor. I går kveld leverte likevel skolens avgangselevar, heile 50 av dei, revy nummer 45, og det med høg kvalitet og grenselaus sjarme.

En fest av en avgangsrevy - det er bare å ta av seg hatten for kreativ, morsom og klok ungdom!

I dag kjenner eg på at eg skulle ha skrytt litt meir av dei etter forestillinga, og takka dei for energien dei gir frå seg, og for alle gongene dei har fått oss som har vore med til å skratte høgt av påfunn og elleville prestasjonar.

At skolen har ei slik happening kvart år, vanlegvis andre helga i februar, har stor verdi både for elevar, tilsette og skolen som institusjon. Skolens overordna mål er å forme eleven til å bli eit «gagns menneske», og da må eleven få vise seg fram med meir enn karakterar og vitnemål. I revyen kan ein gjere alt!

For revy er nemleg meir enn tull og fanteri. Revy er og «skills» for alle som deltar! Revy er øving for «real life»; her er bedriftsleiing, økonomistyring, sponsorkontakt, samarbeid med profesjonelle, sang- og teaterkunst, scenearbeid og logistikk. Og ikkje minst handlar revy om å ha tru på seg sjølv, våge å ta initiativ og kunne samle seg nok mot til å kaste seg ut i dei utfordringane som måtte. Slik har revyen og verdi for lokalsamfunnet og for dei som skal engasjere ungdommane når dei kjem ut i yrke- og arbeidsliv.

I går kveld takka vi ikkje alle heilt slik vi ville; (vi var redd det vart for langt)

På vegne av Una og Mattias, og heile revyensemblet:

Takk ;

  • for all økonomisk støtte frå kommune og lokalt næringsliv
  • til Johansens Bakeri for brødmat
  • til foreldra som laga mat i øvingsveka
  • til Rema 1000 for frukt
  • til Aura Avis og Driva for pengar og spalteplass
  • til SVS for øvingslokale, saft og pålegg på maten

Årets oppsetting er, som tidlegare revyar, resultatet av eit stort tverrfagleg arbeid, der målet er å forlyste. Det var akkurat det vi trong no.

«Levva livet- en revy uten grensa» blir eit minne for livet!

Guuuriiiiii me, for ein gjeng!

Takk frå Edel

Bildeserie

Se bildene fra avgangsrevyen Levva Livet