Vi viser til debattinnlegget «Torskeoppdrett i Ålvundfjorden? Stor risikosport, seier forskar». Her siterer Edel Hoem «ein av forskarane ved Havforskingsinstituttet i Bergen» i eit slags intervju ho har skrive med vedkommande. Forskaren er ikkje namngjeven, men det er Havforskingsinstituttet (HI).

Påstandane slik dei er framstilt i intervjuet er unyanserte og gjev eit feilaktig inntrykk av kva HI meiner om torskeoppdrett. Derfor ønsker vi å korrigere ein del av det som kjem fram i innlegget.

Det framstår som om HI er imot torskeoppdrett. Det er vi ikkje, men vi påpeiker at det må takast omsyn til miljøpåverknadane, til dømes risiko for å påverke gytefelt.

For dei som er interessert i HI si forsking og rådgjeving på torskeoppdrett, viser vi til informasjon på nettsidene våre:

Her kan du lese om korleis torskeoppdrett kan påverke kysttorsken: https://www.hi.no/hi/nyheter/2021/mai/torskeoppdrett-kan-pavirke-kysttorsken

Sjå gjerne også denne omfattande kunnskapsrapporten: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-22

Og temasida vår om torskeoppdrett: https://www.hi.no/hi/temasider/akvakultur/torskeoppdrett