Herøy er årets ungdomskommune i Møre og Romsdal

Fredag kveld stemte delegatane på ungdommens fylkesting (UFT) Herøy kommune fram som årets ungdomskommune. Herøy og Molde kjempa om den gjeve tittelen.

DEL

Det opplyser Møe og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

UFT-delegatane frå dei to nominerte kommunane fekk 15 minutt til å presentere kommunen sin og fortelje kvifor akkurat deira kommune fortente å bli årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Etter voteringa stakk altså Herøy med den gjeve sigeren.

I søknaden sin skriv Herøy ungdomsråd at Herøy kommune er ein kommune som legg godt til rette for ungdomsrådet, dei opplever å ha innflytelse på kommunen, og dei får bidra til ung medverknad. Herøy ungdomsråd har fått gehør i mange ulike saker, der synspunkta deira veg tungt.

Det dei også har opplevd som særs viktig er ungdomsfritidsordninga UFO. Det handlar om å skape gode møtestader for ungdom, møtestader som bidrar til eit meir allsidig fritidstilbod.

Kva er årets ungdomskommune?

Kvart år kårar ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til ein kommune som har utmerkt seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidig fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen. Prisen består av ein diplom og 10 000 kroner som vil gagne ungdom i kommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken