Hydro-direktør: – Svært bekymra for Høyanger

TUNGT ANSVAR: – Eg kjenner på ansvaret og involverer meg i det eg kan i kommunen, seier Hydro-direktør Arne-Martin Kjærland i Høyanger.

TUNGT ANSVAR: – Eg kjenner på ansvaret og involverer meg i det eg kan i kommunen, seier Hydro-direktør Arne-Martin Kjærland i Høyanger. Foto:

– Utviklinga er svært bekymringsfull for Hydro Høyanger, seier den lokale verksdirektøren, Arne-Martin Kjærland.

DEL

[Firda] Same dag som det minste av dei fem aluminiumsverka til Hydro i Norge, Hydro Høyanger, leverer eit svært godt resultat for første halvår, går den lokale verftsdirektøren ut og åtvarar mot nye inngrep i rammevilkåra for den kraftkrevjande industrien.

– Kombinasjonen av pandemi og negative rammevilkår som auka nettleige og mogleg bortfall av CO2-kompensasjonen gjer at konkurransekrafta vår vert svekt og nye investeringar vert lagt på is, uttalar Kjærland i ei pressemelding frå Hydro.

Auka nettleige: 20 millionar

Framlegget frå Statnett om ein auke i nettleiga for kraftkrevjande industri vil, dersom det vert vedteke i haust, bety ei ekstrarekning for Hydros aluminiumsverk i Norge på over 250 millionar kroner frå 2022.

For verket i Høyanger vil dette utgjere kring 20 millionar kroner årleg, som vil vise direkte igjen på botnlina.

Samstundes er EU i ferd med å vedta eit nytt rammeverk for C02-kompensasjon for 2021–2030, som årleg kan gje dei norske verka auka kostnader i milliardklassen dersom Norge vert definert som ein eigen kraftregion, går det fram av pressemeldinga.

Det tredje momentet er verknaden av koronapandemien, som slår sterkt ut for verka i Høyanger og Årdal. Kring 30 prosent av valseblokkene frå verka i Sogn går til bilindustrien som er sterkt prega av pandemien.

Rosar dei tilsette

Trass i nedgang og dystre utsikter har Hydro Høyanger levert eit godt økonomisk resultat så langt i år, med eit overskot før renter og skatt på 46 millionar i første halvår i år. I 2019 gjekk verket med eit underskot på 11 millionar kroner (sjå nøkkeltal).

– Dei tilsette har æra for det gode resultatet. Vi har kutta kostnader, og det viser styrke, seier Kjærland til Firda.

Verket i Høyanger gir arbeid til 157 årsverk og er ein sentral og svært viktig arbeidsplass i bygdebyen. I tillegg kjem mange lokale selskap som leverer varer og tenester til aluminiumsverket.

– Eit tungt ansvar

Etter at felgfabrikken Fundo gjekk konkurs i 2009 og 320 mista jobben, og fleire forsøk på å skape nye arbeidsplassar har mislykkast, er verket som Høyanger vart bygd rundt, ekstra viktig.

Verksdirektøren stadfester at han kjenner på ansvaret.

– Eg kjenner på ansvaret og involverer meg i det eg kan i kommunen, seier Kjærland.

– Er det sagt noko om at verket i Høyanger kan bli lagt ned?

– Nei, Hydro ønsker at alle fem verka skal vere med vidare, men det er avhengig av at alle lykkast og leverer, seier Kjærland.

– Når du og Hydro går ut og uttrykker bekymring for framtida, trass i eit godt resultat, kan det lett bli oppfatta som eit pressmiddel?

– Du skal hugse på at Hydro er eit selskap som ikkje ropar «Ulv» utan at det er alvorleg. Vi treng politikarar som ser dette. I dag leverer Hydro det beste og mest miljøvenlege produktet i verda, men CO2-utslepp som er kring fem gonger lågare enn frå produksjonen i Kina og tre–fire gongar lågare enn i Sentral-Europa, og vi har eit godt og trygt arbeidsmiljø.

– Tyskland og Frankrike har 90 prosent reduksjon på nettleiga, samstundes som dei har mykje høgare C02-utslepp enn oss. Difor er det viktig å kjempe for rammevilkåra, seier verksdirektøren i Høyanger.

Ordføraren deler bekymringa

HARKAR: – Når Hydro hostar, så harkar Høyanger, seier ordførar Petter Sortland.

HARKAR: – Når Hydro hostar, så harkar Høyanger, seier ordførar Petter Sortland. Foto:

– Det er klart vi delar bekymringa. Når Hydro hostar, så harkar Høyanger, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger.

– Aluminiumsverket er utruleg viktig for oss. Som ansvarlege politikarar må vi berre gjere alt vi kan for at Hydro skal få gode konkurransevilkår og satse vidare på verket her, seier Sortland.

Dersom verket ryk, er det fare på ferde for heile Høyanger-samfunnet. I dag er det kring 250 personar som jobbar innanfor verksporten, seier ordføraren.

Ein ting er den globale konkurransen, den andre gjeld vilkåra internt i Hydro-familien. Selskapet har aluminiumsverk i Høyanger, Årdal, Karmøy, Sunndalsøra og på Husnes.

– Sogn og Fjordane Energi har fått konsesjon på 132 kV-lina som mellom anna går inn til smelteverket i Svelgen, som Elkem driv, og til Høyanger. Det betyr at lina vert ein del av det regionale nettet, med ein regional tariff. Det vil utgjere 10 millionar i ekstrakostnad for Høyanger, og 7–8 millionar ekstra for Svelgen, seier Sortland.



2019 1. halvår 2020
Primæraluminium Tonn 64.522 32.174
Støyperi Tonn 90.708 35.149
Driftsinntekter mill. kr 1795 736
Resultat (EBIT) mill. kr – 11 46
Sjukefråvær
6,7 % 5,8 %
Personskadar
1 0
Bemanning Heiltid 157 157

Kjelde: Hydro



Artikkeltags