Informasjonsmøte om hørselshjelpemiddel

Hørsel: Torbjørn Åsgård med eit lite utval av hjelpemiddel som blir demonstrert på medlemsmøtet den 13. februar.

Hørsel: Torbjørn Åsgård med eit lite utval av hjelpemiddel som blir demonstrert på medlemsmøtet den 13. februar.

HLF Sunndal Hørselslag inviterer til medlemsmøte torsdag 13. februar, der temaet er informasjon om hørselshjelpemiddel.

DEL

Odd Gunnar Gjørsvik frå HLF Tingvoll vil orientere og demonstrere. Medlemsmøtet kjem rett etter årsmøtet. Staden er Sunndal Pensjonistsenter.

– Mange som har høreapparat, har også fått tildelt ekstra hjelpemiddel som kan lette hørselskvardagen. Men inntrykket er at det skortar mykje på rettleiing for korleis slikt utstyr skal brukast og innstillast. Det er nok også stor mangel på informasjon om kva slags hjelpemiddel som eigentleg finst tilgjengeleg. Kven som skaffar utstyret er heller ikkje lett å vite alltid, fortel Torbjørn Åsgård, som er leiar i HLF Sunndal hørselslag.

Demonstrasjon

Han trur mange vil ha nytte av å få demonstrert, sett og prøvd hjelpemidla som Gjørsvik kjem for å vise fram. Han vil også gjere greie for rollene til audiograf/hørselsentral, hørselskontakt, ergoterapeut og hjelpemiddelsentral.

Hørselshjelpemiddel

– Det viktigaste hjelpemiddelet for hørselshemma er sjølsagt høreapparatet, seier Torbjørn. Det er programmert til å avhjelpe det spesielle hørselstapet den enkelte har. Den som har tinnitusplager kan også få tilpassa ein lindrande «maskeringslyd» som høreapparatet sender på øret.

Lyden frå smarttelefonen kan du få «streama» til høreapparatet, anten direkte eller via ein ekstra streamer. Det går an å «styre» programma i høreapparatet frå mobilen eller med ein eigen fjernkontroll.

Teleslynge for TV/radio har mange fått installert. Nyare utstyr er ein «boks» som sender TV-lyden via Bluetooth til høreapparatet. Du kan også få mikrofon som sender lyd til høreapparatet frå gruppe eller frå enkeltperson etter behov.

Trådlause dørklokker med lyd/lys, brannalarm og hodetelefon er andre eksempel på viktige hjelpemiddel for hørselshemma.

Medlemsmøtet er fritt, med enkel servering og loddsal, fortel Torbjørn Åsgård, som reknar med at årsmøtet i forkant vil gå raskt unna. Han viser til annonse i Aura Avis tirsdag.

Artikkeltags