Ingen kan flytte 1. mai-arrangementa

Er­ling Out­zen. (Arkiv)

Er­ling Out­zen. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevAsbjørn Tronsgård i Sunndal Høyre oppfordrar ordføraren – «som ordfører» - til å flytte markeringa på krigsgravplassen på Hol frå 1. mai til 8. mai.

Dette kan ordføraren som ordførar ikkje gjere. Arrangementet på Hol 1. mai er ikkje eit kommunalt arrangement. Det er arrangert av 1. mai-komiteen, som eit ledd i 1. mai-markeringa.

1. mai-komiteen består av styret i LO Indre Nordmøre, samt partirepresentantar valgt av partia SV og Arbeidarpartiet. Dersom Tronsgård med «flytte» meiner legge ned arrangementet på Hol 1. mai, så ber eg han sjå etter ein gong til kva demokrati er for noko.

Dersom Tronsgård går inn for eit nytt og kommunalt arrangement der 8. mai, er det ei anna sak. Men ingenting som 1. mai-komiteen ønsker å gjere 1. mai kan verken ordføraren eller Tronsgård flytte til ein annan dag.

Les også: Spørsmål til ordføreren: Hvorfor feires ikke 8. mai i Sunndal?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags