På grunn av auka smittepress innfører Helse Møre og Romsdal frå 26. november påbod om munnbind for tilsette ved all pasientkontakt. Det skriv Helse Møre og Romsdal HF i en pressemelding.
Også pasientar på poliklinikk/dagbehandling og besøkande skal bruke munnbind.
Tiltak
Tiltaket er i tråd med Folkehelseinstituttet og Helse Midt-Noreg sine anbefalingar
· Påbod om munnbind gjeld for tilsette ved all pasientkontakt
· Påbod om munnbind gjeld pasientar på poliklinikk/dagbehandling
· Påbod om munnbind gjeld alle besøkande
· Gjeld ikkje for pasientane på sengepost
· Gjeld ikkje dei under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind