Gjennom leiar Nils Ulvund sitt utrettelege integreringsarbeid blant flyktningane i kommunen, har laget vorte lagt merke til også utanfor Sunndal sine grenser. Ei som har mykje godt å seie om det som skjer i Sunndal, er dagleg leiar for Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø. Studieforbundet kultur og tradisjon har gjeve økonomisk støtte til ei rekkje av prosjekta til Sunndal Mållag.
– Sunndal Mållag driv eit heilt spesielt arbeid, og det som gjer det ekstra imponerande er at det skjer over tid. Nils Ulvund går systematisk til verks, og har evnen til å få ut midlar til lokale tiltak. Kunnskapsdimensjonen i intergeringsarbeidet til Sunndal Mållag er svært viktig, og noko som vi er opptekne av å støtte, seier Gangsø.
Mange prosjekt
Sunndal Mållag har lenge drive med språkkafe. Nils Ulvund meiner det er ei naturleg oppgåve for organisasjonen.
– Kven andre skal drive språkopplæring på frivillig basis, om ikkje mållaget, spør han.
Ut av språkkafeane har det sprunge ut prosjekt som kulturvandringar, friluftsleirar og gardsbesøk for flyktningar. Av innhaldet kan nemnast bibliotekkveldar, teater der mållaget subsidierar billetten, vinteraktivitetar, møte med tradisjonar knytta til landbruk og mat og turar ute i naturen. Mykje av dette er lagt opp slik at heile familien kan delta.
Ulvund meiner det er ein føresetnad for eit vellukka integreringsarbeidet at dei som kjem flyttande blir kjent ikkje berre med språket, men også med den lokale kulturen.
I pluss
Nyleg fekk Sunndal Mållag 30.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «Integrering frå fjord til fjell». Når laget får slike tilskott, er det eit mål for Ulvund å få mest mogleg ut av pengene.
– På grunn av den store dugnadsinnsatsen, gjev mange av tiltaka våre økonomisk gevinst. Når vi oppnår overskott på denne måten, kan vi overføre midlar til andre tiltak for å gjere dei enda betre, fortel Ulvund, som anslår verdien av det frivillige arbeidet på heile integreringsopplegget til rundt 200.000 kroner i året.