Jordvernet må styrkast juridisk!

Av

Når jordvernet taper skuldast det oftast eit for dårleg juridisk vern. Eller at eksisterande praksis ikkje tek omsyn til dagens lovheimlar, som skal verne nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.

DEL

Lesarbrev Denne problemstillinga vart diskutert på årsmøtet i Jordvern Møre og Romsdal. Der vart det vedteke å gje ein uttale som støttar Jordvern Norge si bekymring for manglande juridisk heimel for jordvernet.

Før var det jordlova som tok vare på dyrkajorda og slo fast at den skulle vera levebrød for dei som dreiv jordbruk: ”Dyrka jord må ikkje brukast til formål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtid», står det i jordlova. Om det hadde vore slik i praksis så hadde det ikkje vore naudsynt med styrking av jordvernet.

Nedbygginga av dyrka jord skaut fart då smarte konsulentar og utbyggarar nytta plan- og bygningslova til å lage reguleringsplanar der det med hjelp av kommunale vedtak vart lovleg å bygge ned dyrkajord, så snart reguleringsplana var vedteken. Dette har også ført til at det i aukande grad blir inngått opsjonsavtalar mellom grunneigar og utbyggar, med påfølgjande press på lokalpolitikarar i samband med handsaming av framlegg til kommune- og reguleringsplanar.

Det har i praksis skjedd ei endring i rekkefølje i saksgangen slik at jordlova, som var den første og viktigaste lovinstans i alle jordsaker, no er blitt sidestilt med andre lover, med plan- og bygningslova som overordna lovverk. Dette har ført til at det meste av nedbygginga av matjord i dag går føre seg med heimel i plan- og bygningslova.

Statens vegvesen (SVV)er ein annan stor nedbyggar av dyrka jord. SVV har laga si eiga handbok og bygger vegar med heimel i veglova. Når dei i tillegg får kommunane til å vedta SVV sine eigne reguleringsplanar har dei skaffa seg heimel til å legge vegen utan å ta omsyn til dyrkajorda. Det vart også gjort når det skulle planleggast ny veg til det nye sjukehuset på Hjelset, som enno ikkje er bygd.

Nyvegen er sikkert etter den nye handboka, men når den nye vegen krev over 300 dekar dyrkajord, for at den skal fylle krav til kuravtur og innpåkøyringslommer er det ikkje nokon form for jordvern i vegplana. Statens vegvesen har ein lang veg å gå for å ta betre omsyn til jordvern.

Begrepet jordvern er ikkje er nemnt i jordlova. Det trengst difor ein gjennomgang og revisjon av jordlova og plan- og bygningslova, slik at det blir gitt ein tydelegare heimel for framtidig vern av dyrka og dyrkbar jord. Revisjonen av jordlova må også sjå på om forbodet mot dyrking av myr er tufta på feil premissar.

Rekkeføljekravet må endrast slik at alle frådelingssaker av dyrka og dyrkbar jord først får ei behandling etter jordlova. Vert svaret at det vert nei til frådeling vert det heller ikkje noko reguleringsplan og då er matjorda verna slik den skal.

Også gjennom plan- og bygningslova må det takast meir miljø- og samfunnsansvar og i større grad opnast for å ta vare på dyrka og dyrkbar jord for framtidige generasjonar, slik at det i større grad blir ei harmonisering mellom jordlova og plan- og bygningslova.

Grunnlovsvern: Det er og røyster som hevdar seg for at jordvernet er så viktig at det må få vårt høgste juridiske rettsvern også i grunnlova. Dette er frå eit jordvernomsyn sterkt ønskjeleg. Det er ein prosess som tek så lang tid at Jordvern Norge får god til å kome med framlegg til ein ordlyd, som seier korleis dyrkajorda skal bergast til matproduksjon for komande slekter.

Heldigvis kan det sjå ut til at det kan vera ein nedgang i omfanget av omdisponert matjord. Men når vi ser omfanget av nye utbyggingsprosjekt som det er ønskje om, er det ingen grunn til å vera mindre på vakt i høve til framtidig utbygging. Jordvernmålet må difor skjerpast inn, samstundes som jordvernet blir styrkt juridisk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken