Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når Kjølmoen og resten av raudingane som har ansvaret for 20 av 24 ferjestrekningar her i fylket, auka ferjeprisane i Møre og Romsdal til himmels, blir det rett og slett tåpelig å hevde at FrP har ansvaret for ferjeprisane.
Og Per Vidar, dette kan du jaggu betre!
Å legge fram ei oversikt over auken på riksvegferjene som i kvart eit einaste år du viser til, er justert med deflator med løns og prisstigning, så beviser du at anten har du rett og slett ikkje forstått korleis statsbudsjett fungerer, - eller, så gjer du slikt berre for å forlede og forsøke å lure folk.
Derimot veit alle no at AP og co auka ferjetakstane med fleire takstsoner, innførte autopass som førte til eit prishopp på 32%, for så å bli pressa av ferjeopprøret til å setje prisane ned igjen.
Dette er fakta her i fylket ang ferjeprisar.
No kan Kjølmoen heller begynne å vise kva AP klarer å få igjennom i si eiga regjering ang ferjeprisar, og då er det absolutt ingen som bryr seg om «snøen som fall i fjor».
På inn- og utpust har Kjølmoen og AP lova halvering av ferjeprisane i forhold til dagens nivå, no får vi sjå neste veke om Kjølmoen og AP er til å stole på.
Vi, folk flest og næringslivet følger med!