Meninger Fylkeskommunen tildeler no konsesjonar for torskeoppdrett, sist ved Alida i Volda kommune. Mot råd frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet tar dei sjansar på at det skal gå godt. Konsekvensutgreiinga imponerte heller ikkje.

Sidan det ikkje er plass til fleire anlegg for laks, så aukar interessa for torsk. Næringa er mest opptatt av at torsken veks. Fylkeskommunen er mest opptatt av næringsutvikling. Kven er opptatt av fjordane og den ville torsken?

Naturvernforbundet har nettopp klaga på den konsesjonen Sunnmøre Torsk AS nyleg fekk ved Alida i Volda kommune. Når ein veit korleis det gjekk med laksenæringa si verksemd, så kan ein ikkje legge opp til eit system etter prinsippet «går det så går det». Særleg ikkje når ein har det bakteppet som laksenæringa har fått til.