Gå til sidens hovedinnhold

Klimahysteriet går over stokk og stein!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Klimaplan for 2021-2030, Meld.St.13 er eit tydelig døme på dette.

Møre og Romsdal FrP er sterkt kritisk til at regjeringa legg opp til ein klimaplan som trugar sterkt næringslivet i heile Møre og Romsdal.

Enda verre er det at fylket sine eigne mål, der SP, AP og Høgre går utover regjeringa sine ambisjonar, og såleis rammar vårt eige næringsliv enda verre.

Greinalaust er det når fylket skal kutte 55% innan 2030, og ikkje 45% slik regjeringa ynskjer.

Den varsla auken i CO2 avgifta frå 590-2000kr/tonn er dramatisk for Møre og Romsdal.

Dette vil få ein direktekostnad berre i Møre og Romsdal på snart 2 milliard kr pr år, dette vil spesielt ramme:

- Transportnæringa

- Olje og Gassektoren med ca 25000 tilsette her i fylket.

- Landbruksnæringa som i dag har nok kostnadsdrivara.

- Maritim og marine næringar som er heilt avhengige av lavast mulige avgifter for å oppretthalde konkurransekraft i marknaden for sine varer.

- Biltrafikken som folk flest er heilt avhengige av i eit distriktsfylke som Møre og Romsdal.

- Ferje, hurtigbåt og busstilbudet, som får kraftig auka kostnadar pga omlegging til nullutslipp.

- Næringslivet i heile fylket som får kraftig auka kostnadar til transport av sine varer inn og ut av distriktet.

Innføringa av denne klimaplanen vil føre til kraftig auka avgifter som svekker samfunnsutviklinga og konkurranseevnen i distrikta som frå før har svak infrastruktur.

Store næringssegment her i Møre og Romsdal er heilt avhengige av lavast mulige skattar og avgifter då utgiftene til transport og anna infrastruktur som straum osv er høgere her enn i sentrale strøk av landet.

Ei auke av CO2 avgifta som vil medføre drivstoffprisar over 20 kr litere vil kunne true og sette i spel mange titals tusen arbeidsplassar i Møre og Romsdal, som kan bli flytta ut av fylket. Store bedrifter som ligg i Møre og Romsdal vil kunne spare enorme beløp årleg ved å sentralisere, noko som vil vere dramatisk for Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal FrP krev:

- Ikkje auka CO2 avgifter, heller kutte avgifter og stimulere ved avgiftskutt for ny og miljømessig teknologier.

- Ha ei realistisk tilnærming til innføring av nullutslippsløysingar med utbygging av ladepunkter og utbygging av vasskraft, der fornying av turbiner i eksisterande anlegg vil kunne gje stor effekt.

- Ikkje påføre olje- og gassnæringa negative konkurransefortrinn iform av kraftige avgiftsaukar, noko som trua denne næringa og berre styrkar andre land sine produksjonar. Norsk olje og gassnæring er av verdas reinaste og mest miljømessige, og det hjelper verden svært lite at Norge kuttar ned sin produksjon og leiteaktivitet etter nye oljefelt.

- Drivstoffprisar over dagens nivå, eller som regjeringa foreslår over 20kr literen, vil kraftig ramme vårt næringsliv samt vanlige folk sine muligheitar til å delta i samfunnet.

Slike drivstoffprisar vil også ramme turistnæringa og Landbruksnæringa brutalt, då desse næringane ikkje har økonomiske grunnlag for å kompensere slike avgiftsaukar.

Møre og Romsdal Fylkeskommune krev at regjeringa gjennomfører ei omfattande og grundig konsekvensanalyse for alt næringsliv og for folk flest i alle fylker i landet, før ein klimaplan kjem til behandling i Stortinget.

Kommentarer til denne saken