Knut Reinset til minne

Samferdselspolitikaren: Knut Reinset fekk æra av å fyre av den siste salva i Skrøotunnelen klokka 13.05 torsdag 30. november 2006. På denne tida var han også ordførar i Sunndal.

Samferdselspolitikaren: Knut Reinset fekk æra av å fyre av den siste salva i Skrøotunnelen klokka 13.05 torsdag 30. november 2006. På denne tida var han også ordførar i Sunndal.

DEL

Minneord Knut Reinset døydde 27. mai 74 år gamal. Knut var bonde på garden Reinset i Ålvundfjord.

Han var ein ivrig organisasjonsmann og det var vel i skogeigarsamvirket (no Allskog) han engasjerte seg mest.

Knut kom inn i sunndalspolitikken i 1980 for første gong for Senterpartiet. Til saman satt han seks periodar i Sunndal kommunestyre og fire periodar i formannskapet. Han var ordførar i ein periode og varaordførar også i ein periode.

Han satt dermed tilsaman i 24 år i kommunestyret i Sunndal og la ned eit stort arbeid for Senterpartiet og sunndalspolitikken.

For Sunndal kommune og Sunndal senterparti vart det eit tidskille da Knut Reinset vart ordførar i Sunndal i 2003.

Ap hadde hatt dette vervet samanhengande i 50 år og Knut løyste dette på ein utmerka måte.

Knut var engasjert i samferdselspolitikken og spesielt Todalsfjordprosjektet. Han såg dette som eit svært viktig samband for Nordmøre. Knut hadde stor arbeidskapasitet og han var også tilsett som dagleg leiar i dette prosjektet i mange år.

Knut Reinset var ein markant, bestemt og engasjert distriktspolitiker som arbeidde for det beste for Sunndal, Nordmøre og Møre og Romsdal.

Vi lyser fred over Knut sitt minne.

Sunndal Senterparti
Jørgen Singsdal

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken