Norske vasskraftressursar har gjeve verdiskaping, lys og varme i over 100 år. Konsesjonsslovene og heimfallsretten som vart innført i 1909 sørga for at vasskraftressursene skulle forbli på norske hender.

Senterpartiet vil bruke vasskrafta(arvesølvet)vår til sikre konkurransedyktige straumprisar både til industri og for familier i Noreg. Derfor nei til eksportkabelen North Connect som vil føre til at straumprisen vil stige i Noreg.


Eit av dei store fortrinna vi har, er nettopp tilgang på billeg og rein kraft. Vi kan vera ein motor i det grøne skiftet og skape nye arbeidsplassar og liv i bygder, men da må vi styre krafta og energien sjøl.


Landbruket er viktig for Senterpartiet. Pandemien viser at det å ha ein matvareberedskap er viktig for ein nasjon. Naturkatastrofer, krigssituasjon m.m kan inntreffe og råke matproduksjonen. Mat må vi ha. Sjølforsyningsgraden vår går ned og vi har vorte meir avhengig av import.Vi er alle tent med eit sterkt og framtidsretta landbruk og med eit kulturlandskap i hevd.


Senterpartiet vil ta vare på dei næringane vi har og legge til rette for nye næringar og arbeidsplassar.


Utdanning. Læraren er betydningfull. Vi må ha kvalifiserte lærarar /gode læremiljø og

det må satsast meir på etter- og vidareutdanning framover.

Vidaregåande skule må tilby linjer tilpassa lokalt næringsliv og nye framtidsretta næringar.


Digitale løysingar blir stadig viktigare. Ny teknologi og auka digitalisering gjev nye og spennande moglegheiter. Koronapandemien har gjeve Noreg ein ny digital kvardag med heimekontor, heimeskule og digitale møter på Teams. Den nye digitale kvardagen er distriktsvenleg og Sp meiner at det er statleg ansvar at alle i Noreg skal ha tilgang til høghastighetsbreiband.


Senterpartiet skal sørge for at vi kutter klimagassutslepp og vil oppfylle Parisavtalen sine klimaforpliktelsar. Sp vil bidra til at det grøne skiftet omstiller næringslivet og gjev nye arbeidsplassar. Klimatiltaka må vera rettferdige og ha realistiske løysingar.






Landet treng no ei ny regjering med eit kraftfullt Senterparti for norske arbeidsplassar, for distriktsnorge, for norsk eigarskap til våre naturresursar og slik skape gode lokalsamfunn i heile Noreg.


Stem Senterpartiet

Godt val !