Jaktar prosjekt som gjev opplevingar utanom det vanlege

Jobbar du med andre om å skape opplevingar med kultur, mat og reiseliv? Søke støtte til utvikling av prosjektet!

Jobbar du med andre om å skape opplevingar med kultur, mat og reiseliv? Søke støtte til utvikling av prosjektet!

Millionstøtte ventar til prosjekt som byr på opplevingar utanom det vanlege.

DEL

Prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» etterlyser nettverk av bedrifter som vil utvikle og kommersialisere nye opplevingstilbod med ingrediensar som reiseliv, mat og kultur.

- Vi oppmodar folk som jobbar med opplevingstilbod om å sende prosjektsøknad, seier Jan Sverre Sivertsen, prosjektleiar for ‘Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal’, eit samarbeidsprosjekt mellom næringslivsaktørar og det offentlege.

Les meir og søk her.

Millionstøtte

Prosjekta som søker og kjem gjennom nålauga vil få inntil èin million kroner kvar i støtte, rådgiving og oppfølging over to år.

- Målet er at pilotane skal lykkast med å skape nye, attraktive produkt eller produktpakkar som skal ut i marknaden, seier Sivertsen.

- Samtidig kan måten pilotprosjekta jobbar på bane vegen for endå fleire og betre opplevingsprodukt i framtida her i regionen. Dei kan gi oss eit metodegrunnlag.

Saman med Innovasjon Noreg vil Møre og Romsdal fylkeskommune støtte inntil tre prosjekt med inntil ein million kroner kvar.

Best i landet

Prosjektet skal styrke Møre og Romsdal sin posisjon som landets beste på opplevingar.

- Dette skal vi gjere ved å knytte tradisjonelt reiseliv med kultur og lokal mat og drikke, seier Sivertsen.

Prosjekta som søker må vere samarbeid mellom fleire aktørar og innehalde tydelige element av både tradisjonelt reiseliv, lokal mat og drikke og kultur.

Stort potensial

Reiselivsansvarleg i Innovasjon Norge, Møre og Romsdal, Marit Giske-Nilsen, meiner tiltaket er viktig fordi det utnyttar moglegheitene som ligg i eit tettare samarbeid mellom desse næringane.

- Vi trur tiltaket vil få opp fleire attraktive opplevingsprodukt i fylket og vise igjen i både auka verdiskaping, berekraft og lønnsemd, understreker Giske-Nilsen.

Artikkeltags