Edvard Hoem kåserer på Nesset prestegard

Edvard Hoem.

Edvard Hoem.

Artikkelen er over 1 år gammel

Førstkomande fredag kjem forfattaren Edvard Hoem til Nesset prestegard for å halde kåseriet «Frå slåttekar til notid».

DEL

Edvard Hoem har hatt ein eventyrlig suksess med familieromanane sine «Slåttekar i himmelen», «Bror din på prærien», «Land ingen har sett» og «Liv andre har levd», dei har eit samla opplag på over 280.000. Kven skulle tru at ein serie slekstkrønike kunne selge så bra? Litteraturkritikarane har vore over seg av begeistring: «Eventyrlig suksess/ Med en særegen blanding av nøkternhet og patos viderefører Edvard Hoem sin store krønike om slektens historie/ ….det er en nytelese å lese Hoems vare og poetiske prosa/ Det er drivande god forteljekunst Hoem vartar opp med her….»

I den siste boka «Liv andre har levd» vert Edvard Arnt Hoem fødd ute på Hoem. Da er vi komne til notid, men er det ei femte bok på gang? korleis går det med Evard Arnt Hoem og resten av sletkta i Noreg, Canada og USA i det 20-ande århundre? Kanskje vi får vite meir på Prestegarden.

Etter kåseriet vert det enkel kafe, boksalg og signering.

Billettsalg i på servicekontoret i Nesset og ved inngangen ein halvtime før kåseriet.

Artikkeltags