Vaksne kvinner er storbrukarar av e-bøker i Møre og Romsdal

Vaksne kvinner låner flest e-bøker på biblioteket. 
Foto: pixabay.com

Vaksne kvinner låner flest e-bøker på biblioteket. Foto: pixabay.com

DEL

Supertilbud: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

Utlånsstatistikken for e-bøker frå folkebiblioteka i Møre og Romsdal viser at det er kvinner mellom 50-65 år, som les mest elektroniske bøker. Dei står for 2/3 av det totale utlånet.

Totalt vart det lånt ut 36 000 e-bøker i 2016, som er 8 000 fleire enn i 2015. Dette er ei auke på 30 prosent.

Få barn og  unge som les e-bok

Derimot  er det få barn og ungdom som låner e-bøker. Berre 10 prosent av utlånet er til dei under 25 år. Utlån av e- bøker utgjer no litt i underkant av fire prosent av det totale utlånet. E-bøkene vart tilgjengeleg frå folkebiblioteka i Møre og Romsdal i 2014.

Færre låner musikk og filmar – men papirboka veks

Dei uoffisielle tala som fylkesbiblioteket har henta inn, viser vidare at det frå folkebiblioteka i fylket vart lånt ut 936 000 media. Dette er 27 000 færre enn i 2015. Det er utlån av musikk og film (DVD) som stuper. Sidan 2011 er denne aktiviteten halvert, fordi folk strøymer musikk og film frå nettet. Derimot er talet på utlånte papirbøker 23 000 fleire enn i 2015.

I toppsjiktet på lesing

Etter fleire år med auke i utlån til barn, ser vi ein svak nedgang på 0,5 prosent.  Etter siste Pisa-test er Noreg i toppsjiktet i lesing. –Folkebiblioteka har hatt fokus på lesestimulering mot barn i mange år, for det er knapt ei viktigare oppgåve i dag enn å halde leseevna oppe. Æra for dette skal folkebiblioteka også ha, med lærarar som gjer ein kjempejobb for å vekke leseinteressa i ung alder seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Fleire arrangement

Talet på arrangement i biblioteka er 869. Dette er 234 fleire enn i 2015. Dei fleste folkebiblioteka  i fylket er godt i gang med å oppfylle bestillinga frå Nasjonalbibliotekaren, om å bli ein møteplass og ein kulturinstitusjon som lagar arrangement for publikum.

Artikkeltags