Ein helt spesiell julekonsert: Edvard og Ine Hoem til Sunndalsøra

Ine og Edvard Hoem gjestar Sunndalsøra.

Ine og Edvard Hoem gjestar Sunndalsøra.

Sunndal Mållag feirar i år 100 år og ønskjer å markere dette med å gje sunndalingane ei litterær og musikalsk førjulsoppleving.

DEL

Edvard Hoem og dottera Ine kjem til Sunndal kulturhus den 17. desember og held ein heilt spesiell julekonsert.

Edvard Hoem (f.1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært aktiv som romanforfattar, dramatikar, Shakespea-reomsettar og salmediktar. Mellom 2009 og 2013 gav han ut ein stor Bjørnson-biografi i fire band. I 2014 gav han ut første band av ein slektskrønike som går føre seg på begge sider av Atlanteren: Slåttekar i himmelen. Denne boka og dei følgjande, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har eit samla opplag på 350 000. Romanen Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren kom ut i fjor og fekk strålande kritikkar.

Ine Hoem har dei siste åra markert seg som ei av dei finaste stemmene i Noreg. Gjennombrotet hennar kom med albumet Angerville og singelen This Year som har over 4 millionar avspelingar på Spotify. Låta fekk mykje speletid i norsk radio og figurerte også i den amerikanske TV-serien Degrassi. I 2017 kom oppfølgjaren Moonbird produsert i samarbeid med Tobias Fröberg (som også samarbeider med Ane Brun og Bjørn Eidsvåg). I kjølvatnet av turnerte Ine Hoem som support for Veronica Maggio og spela ei mengde klubbkonsertar og festivalar i Noreg. I januar 2020 kjem det første albumet hennar på norsk: Hundre dager, ei utgjeving i moderne singer-songwriter-tradisjon med sjølvskrivne tekster på norsk.

På konserten på kulturhuset i Sunndal vil Edvard Hoem lesa frå Liv andre har levd og Jordmor på jorda. Ine Hoem syng nokre av dei finaste salmane til Edvard Hoem, salmar som høver i førjulstida, ikkje minst ei gjendiktning av O signa natt (O helga natt). Ine Hoem vil også spela nokre av sine eigne songar. Velkomen til ein varm og opplevingsrik førjulskonsert!

Artikkeltags