Kongen av Spitsbergen

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Sunndalingen Svein Sæter er aktuell med ny bok, "Kongen av Spitsbergen", som vekkjer oppsikt. Dette er arktisk drama, vanvittig industrihistorie og ukjent krigshistorie i ein og samme pakke.

Svein fortel historia i ord, bilde og film på Øra Kafé onsdag 7. desember..

I mai 1942 vart eit stort stykke Norge frigjort frå Nazi-Tyskland. Tre år før verdskrigen var over leidde Einar Sverdrup aksjonen som frigjorde Spitsbergen. Han vart sjølv drepen, men Operasjon Fritham hindra Hitler i å etablere basar for å angripe den avgjerande konvoifarten til Sovjetunionen.

Før krigen var Sverdrup sjef for Store Norske Spitsbergen Kulkompani i Longyearbyen. Saman med 800 gruvearbeidarar utførte han ei bragd i norsk industrihistorie: å drive kolgruver i Arktis med overskot, i ei tid da det var 600 kolgruver berre i Skottland.

Einar Sverdrup var "Kongen av Spitsbergen". Ved hjelp av dagbøkene hans har Svein skrive boka med same tittel. Det er ei mektig historie om vilje, mot og pågangsmot. Om samarbeid med kong Haakon og regjeringa Nygaardsvold, med søskenbarnet Nordahl Grieg og den rastlause reiaren Hilmar Reksten, alt for dette eine målet: Fritt Svalbard.

Artikkeltags