Sæter, Mauset og Hyldbakk på Tingvoll bibliotek

Svein Sæter: Kåserer på Tingvoll om den ferske boka si, «Krig. Mor. Bror».

Svein Sæter: Kåserer på Tingvoll om den ferske boka si, «Krig. Mor. Bror».

Onsdag 30. oktober kåserer Svein Sæter på Tingvoll bibliotek om den ferske boka si, «Krig. Mor. Bror».

DEL

I tillegg byr han og musikaren Karstein Mauset på eit varmt møte med Hans Hyldbakk, gjennom den nye utgåva av Hyldbakks klassiske bok «Ei haustferd på Nordmøre 1934».

«Krig. Mor. Bror» (Samlaget) er ei lysande bok om den mørkaste tida i menneskets historie. Ei bok om menneskeverdets seier over barbariet. Om dette fortel Svein Sæter medrivande, i ord og bilde.

Sterk krigshistorie

November 1943. I same natt blir to brør tatt og torturert av Gestapo; Milorg-leiar Ottar Haugland og tungtvannssabotør Knut. Knut gjennomfører ei utruleg flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille.

Heime på Rjukan dør far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild begynner å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine.

For Ottar får eit liv etter sjølvmordspilla. Eit liv i dødsleiren Stutthof ved Gdansk. Der finn han blyant og papir. I kampen for å overleva barbariet har fangane berre eitt våpen: solidaritet. Det trengst. No ventar Dødsmarsjen.

Venstres medlemslister viser en partiorganisasjon i full oppløsning. Over 100 lokallag har mistet minst halvparten av medlemmene siden 2015, skriver Nationen.

Vandraren Hyldbakk

Etter kaffepausen presenterer Sæter også den nye utgåva av «Ei haustferd på Nordmøre 1934», truleg Hans Hyldbakks mest etterspurte bok. Dette er første gongen ho blir gitt ut igjen, og det skjer i regi av Surnadal Heimbygdlag.

Med på presentasjonen blir også musikaren Karstein Mauset, som med gitar og song byr både på eigne komposisjonar og på andre kjente tonar frå songskatten etter Hyldbakk.

Hans Hyldbakk var ein vandrar. Vårsøg-diktaren var på sitt beste når han møtte menneske og bygder. Derfor har «Ei haustferd på Nordmøre 1934» vore ein sterkt etterspurt klassikar. No er boka endeleg å få i nyutgåve.


Artikkeltags