«Pecha Kucha til folket!» 

Kultur- og bygdeutviklingsverksemda Kraftverk har skaffa eit nytt konsept til Tingvoll. Fyrste oppleving får du allereie på Drøpping Kafé fredag 25. oktober.

DEL

Pecha Kucha, heiter konseptet, og ein uttalar det om lag som «petsja kòtsja». Omgrepet er japansk og tyder «lyden av folk som snakkar». Pecha Kucha er ei presentasjonsform og ein type arrangement starta av Astrid Klein og Mark Dytham i Tokyo i 2003.

Ei rekkje personar vert inviterte til å snakka om eit tema, ofte på ein bar eller ein pub. Kvar deltakar får til saman visa fram 20 bilete og prata om kvart av dei i 20 sekund før dei må vidare til neste, også kalla ein «20x20-presentasjon».

- Forma er streng men gjev samstundes rom for mykje, og settings er uformell, seier arrangørane.

Unn C. Fyllingsnes og Synnøve Nes er gründerar i oppstartfasen med verksemda Kraftverk, og håpar å skapa ein arena for deling av lure tankar, kreative idear, konsept ein har utvikla, handverk og teknikkar og saker ein brenn for.

- Det er ingen reglar for kva ein kan prata om. Pecha Kucha Nights er uformelle i stilen og blir særleg brukt for å dela kreative idear og prosjekt, gjerne innan fag eller forsking, men i ein bar-setting. Vi likar stikkorda "Thinking & Drinking". Det er ekstra kult at Tingvoll no er registrert som offisiell «Pecha Kucha-by»! Det var naudsynt for å få lov til å bruka konseptet, seier Fyllingsnes.

Unn C. Fyllingsnes (t.v.) og Synnøbe Nes står bak arrangementet.

Unn C. Fyllingsnes (t.v.) og Synnøbe Nes står bak arrangementet.

Temaet for 25. oktober er kunst, kultur og litteratur. «Lyninnleiarane» er Åsmund Ormset: "Om lesing", Vanessa H. Williamsen: "Berekraft, kunst og surrealisme" og Unn Catodotter Fyllingsnes: "Å vera publikum".

Kvelden blir akkompagnert av musikk.

Pecha Kucha Night Tingvoll Vol. 1 er gratis.

Kraftverk presenterer i fyrste omgang 4 Pecha Kucha-kveldar: to hausten 2019 og to våren 2020. Arrangementa vil bli annonserte på www.facebook.com/kraftverktingvoll

Artikkeltags