Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding mandag ettermiddag.

– Legionella har blitt påvist på fleire avdelingar men vi har iverksett tiltak for å forhindre at pasientar og besøkande blir utsatt for bakterien. Det fortel Ola Hermund Grønset, seksjonssleiar for eigedomsdrift i klinikk for drift og eigedom.

– Vi monterer filter på kraner og dusjer og vi set fram drikkevatn i flasker. I tillegg har vi bestilt eit klordioksid-anlegg for permanent desinfeksjon av vatnet. Personell fra Kristiansund sjukehus er i beredskap for å bistå med arbeidet på bakgrunn av erfaringane fra liknande utbrot i Kristiansund. Tiltaka vi no sett i gang gjeld heile sjukehuset, fortel Grønset.

Tiltaka som gjeld ved Molde sjukehus

Ingen skal drikke vatn som kjem frå springen dersom det ikkje er montert legionellafilter, og det blir difor utsett flaskevatn for pasientar og tilsette.

Ingen tannpuss i springvatn.

Alle punkt med drikkevatn blir skilta med informasjon om bakterien.

Ingen skal nytte dusj dersom det ikkje er montert legionellafilter. Toalett og handvask kan brukast som normalt.

Dette kan du framleis bruke springvatn til

Handvask i springvatn er ufarleg.

Kroppsvask av pasientar med vatn frå springen er ufarleg.

Reingjering av rom med springvatn er ufarleg.

Kaffeautomat kan brukast, pga temperatur over 90 grader

Vassautomatar har filter og kan brukast

Georg Johnsen, klinikksjef for klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal, fortel drifta på sjukhuset går som normalt med iverksette tiltak.

Svært liten risiko for smitte

– Det er svært liten risiko for smitte til pasientar og tilsette, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.

– Legionella er ein bakterie som ein finn i små mengder «over alt» i naturen, og er normalt sett ikkje ein smittefare for menneske. Det er først når bakteriane får formeire seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjoner at dei kan medføre smittefare.

Longva seier at det viktigste strakstiltaket er at pasientane får reint drikkevatn på flasker og at dusjhaud og filter på kran/automatar som blir benytta til drikkevatn blir bytta ut.

Risikoen for smitte er svært låg då det ikkje er den vanligaste sjukdomsframkallende arta som er påvist. Legionella pneumophila serogruppe 1 står for nærmere enn 90% av smittetilfellene i Europa. Prøvane blir no sendt vidare til analyse for artsbestemmelse.