Med fotballsko til Madagaskar: Takk til Sunndal Sport1

Glade ungdomar med nye fotballsko og drakter til laget.

Glade ungdomar med nye fotballsko og drakter til laget.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vi var fire frå Sunndal som reiste til Madagaskar med store forventningar, og vi vart ikkje skuffa.  Vi skulle delta på feiringa av 150-årsjubileet for den gassiske kyrkje.  Arbeidet starta same året som den første misjonsauksjonen vart arrangert i Ålvundfjord, 1867.  På dei 150 åra har den gassisk lutherske kyrkja vokst til ei sjølvstendig kyrkje på fire mill medlemar - nesten så mange som det bur i Norge. Siste søndagen i oktober var vi i Antsirabe og deltok på den første av tre gudstenester den dagen (kl 6 om morgonen). Det var flott for oss å høre den gassiske songen frå 1500 deltakarar, sjølv om vi ikkje forstod så mykje av det som vart sagt.

Våre reiseledarar, Sigrunn og Martin Ivar Arnesen, har vore misjonærar på Madagaskar i 11 år.  Derfor fekk vi eit svært nært forhold til det verkelege livet i landsbyane i Baraland.  På førehand var vi oppfordra til å ha med klede, fotballdrakter og fotballsko.  Nokre frå ei bygd i Rogaland hadde med brukte fotballdrakter. Vi frå Sunndal hadde med 10 nye par med fotballsko. Peder Hagen i Sunndal Sport1 var ein velvillig sponsor og lot oss få kjøpe fotballsko til sterkt reduserte prisar.   Vi er nokså sikre på at norske fotballspelarar ikkje har så breie smil når dei får på seg fotballsko. Andre viste stor glede over å få på seg eit par keeper-hanskar.  Utstyret skulle sjølvsagt disponerast av laget. Elles er dei godt kjent med å spille fotball barbeint på Madagaskar. Fotballlaget vart starta av Noro som er lege i landsbyprosjektet i Baraområdet. For henne var det klart at ulike fritidstilbud er viktig for å hindre at ungdomane berre blir gåande å drive på gata.

Det vil vere heilt feil å kalle dette ein ferietur. Det var ein tur med meining der vi fekk sjå litt om dei svært ulike levevilkåra som fins på jorda. Vi fire som reiste,  Liv Anne og Asbjørn Innerdal, Cecilie og Arne Drøpping vil med dette seie takk til Peder Hagen for at han ville utvide sitt sponsorområde til også å gjelde Madagaskar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags