«Det e mykjy du skal hør…» - svar til Brynjulf Rasch

Torgeir Brun.

Torgeir Brun.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevDet er mykje ein skal høyre og mykje ein skal lese, men eg finn det mest vanskeleg å forstå at Brynjulf Rasch ikkje har fatta poenget mitt. Eg ynskjer eit kunnskapsbasert ordskifte der ein kan sparre med kvarandre for å finne nye og gode løysingar på gamle og aktuelle problem. Å stå urokkeleg fast på sine standpunkt er ingen tent med. Å søkje kunnskap som kan nyansere, utdjupe og kanskje jamvel endre forelda myter, misforståingar og kunnskapslause, det er derimot til det beste for alle. Diverre so ser det ikkje ut til at det er i den retning dette ordskiftet går.

Å prøve legitimere argumenta sine med synsing er ikkje haldbart når ein skal take eit politisk standpunkt. Om det gjeld reisene til Ivar Aasen eller korrekt norsk spelar for meg liten rolle. Vegen til truverdig kunnskap er rimeleg kort og difor bør det ikkje vere so mykje å forvente at ein maktar å finne fram.

At eg seier mine ord om demokratiet, må eg få take meg fridomen til. Nett på same viset som Rasch har teke seg fridomen til å undersøkje kor eg har studert, kva no enn det har med saka å gjere. Alder er vel heller ingen garantist for korkje kunnskap eller klokskap.

Litt meir om demokratiet må likevel kome. For det er sant som det vert skrive, at det er fleirtalet som avgjer i eit demokrati. Det tyder likevel ikkje at meiningane til mindretalet skal forkastast, sjølv dei som utgjer ti prosent av innbyggarane. Lèt ein fleirtalet fritt diktere utan innspel frå mindretalet og opposisjon, byrjar ein nærme seg ideologiar langt unna dei historiske og samtidige verdiane demokratiet vårt er tufta på. Det er mylderet av meiningar som gjer demokratiet liv laga – ikkje det reine fleirtalet.

«Nynorskfolket» er nok uansett ein del av dette fleirtalet, dei òg. Det er ikkje slik at når ein representerer eit mindretal i høve målform, so representerer ein automatisk eit mindretal på generelt politisk nivå. So kven som skal takke kven, viss det i det heile er naudsynt, er ikkje særleg viktig.

Òg denne gongen er Rasch og eg samde om iallfall noko, for det er ikkje naudsynt å lese nynorsk. Det er heller ikkje naudsynt å skrive lesarinnlegg i avisa. Folk gjer det likevel av ulike grunnar. Og den fridomen skal ein ha.

Dei mentale bilete eg skreiv om hadde dessutan lite med nynorsk å gjere, so der har Rasch lest for mykje mellom linjene. Eg skreiv om lesing. Om ein les bokmål, nynorsk, engelsk eller noko anna spelar inga rolle. Les er mi oppfordring!

Vidaregåande skular i fylket vårt har jamt over namn med nynorsk skrivemåte. Dei einaste unnataka er dei vidaregåande skulane i Ålesund, Rauma, Molde og Kristiansund. Årsaka til dette er at fylkeskommunen har som mål at dei vidaregåande skulane skal vere so godt integrerte som mogleg i kommunane, noko som tyder tilpassa til lokal nytta målform når den er den same over heile kommunen. Alle desse bykommunane er vedtekne nøytrale, men med bokmål som nytta målform i grunnskulane. Forklaringa er altso at skulane har tilpassa seg dei lokale utdanningstilhøva. Dette er etablert praksis etter vedtak i fylkestinget i 1981.

So vonar eg for framtida av Rasch kan halde seg til sak og ikkje person. Argument om kor eg har studert og kva Rasch trur eg meiner og ikkje meiner, bidreg berre til å senke kvaliteten på ordskiftet endå eit hakk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags