Lite og strevsamt

Øystein Folden. (Arkiv)

Øystein Folden. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevDet treng ikkje vere stort for å vere til plage. Nokre gongar kan smått og mange vere eit vel så stort problem.

Tidlegare i vinter var det stadig nokon som fann små kvite plastkuler i fjøra i Oslofjordområdet. Det var i store mengde. Kor kunne dei kome frå? Kva var historia bak at dei kom inn på strendene? Ikkje minst, korleis bli kvitt dei?

Nokså nyleg var det nokre som kom på at det var ein lastebåt som fekk ein skade på ein kontainar vest for Danmark 23. februar i år. I uver missa dei ein del av innhaldet i denne kontainaren. Mellom 10 og 13 tonn. Hadde det vore trelast, så hadde det vore nok til reparasjon av nokre naustveggar i kyststrok. Men her er det tale om plastkuler som det går 47 000 av på kiloen, som ingen kan bruke til noko.

Desse plastkulene er gode greier, vel å merke når dei blir ferdige produkt. Dei blir til røyrprodukt som vil vare i hundre år, eller kan hende tusen. Men dei kom seg aldri til fabrikken i Surnadal. No må dei plukkast opp frå strendene, før fisk og fugl tar dei for mat. Det er heile 470 millionar små plastkular å plukke opp før jobben er gjort. Det blir bortimot 100 kuler på kvar av oss.

Viss ein no kjem i tankar om at slikt eit oppryddingsarbeid må vi unngå for ettertida, kva gjer vi då? Desse plastkulene starta nok på havsens botn som gass ein stad utanfor Noreg. Så blei gassen sendt i røyr til ein eller annan fabrikk i Europa. Der blei gassen til plastkuler som så blei lasta inn i ein kontainar som blei lasta opp på eit skip. Så var det etappa om bord som gjekk gale denne gongen. Det kunne kanskje like gjerne vore på ei av dei andre etappane det hadde gått gale, når ein tenkjer seg om.

Det er lettvint å køyre bil langs vegar som har solide plastrøyr som stikkrenner. Vi har utvikla oss litt frå den tida det var hest og kjerre, og stikkrenna var flate steinar som var mura opp slik at vatnet kunne renne under. Framsteget vil vi gjerne ha, men då må vi også løyse problemet med dei 470 millionane med små plastkuler som no er på feil stad.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags