I 2021 steig maksprisen for ein barnehageplass til 3230 kroner. Om maksprisen held fram med å auke i dette tempoet, kan barnefamiliane ende opp med å betale nærare 40.000 i året for ein barnehageplass. Spørsmålet er om Høgre har sett seg eit tak for kor mykje ein barnehageplass skal koste? Mange barnefamiliar har trong økonomi, og det er grunnleggande usosialt å auke utgiftene til barnefamiliane. Det er på tide å senke maksprisen i barnehagane!